Syntaks + språknormering = sant

Kva er det som skal ligge til grunn for utarbeidinga av norske rettskrivingsreglar? Verdiar og haldningar? Eller eigenskapar ved språket?

I masteroppgåva mi viser eg korleis teori om setningsstruktur – syntaks – kan gi fruktbare retningsliner for normering av språket.

> Syntaks: Setningsstruktur, korleis ord er sett saman i større einingar
> Ortografi: Rettskriving eller stavemåte
> Språknormering: Det å fastsetje reglar for språket. I Noreg handlar dette primært om skriftspråka.
> Norm: Regel, mønster, målestokk
> Fastsette normer: I denne samanhengen er dette normer vi vanlegvis tenker på som skrivereglar. Finst m.a. i grammatikkar, lærebøker og ordbøker.
> Internaliserte normer: Intuitiv kunnskap. Her brukar eg omgrepet til intuitiv kunnskap om grammatikk og språkstruktur.

At språknormering skal handle om språket i seg sjølv, er eit uttalt mål i norsk språkpolitikk. Det er altså grunndraga i språket si oppbygging som tel, ikkje enkeltpersonar eller grupper sine meiningar om det.

Realiteten er likevel at språknormeringa har både ei ideologisk og ei vitskapleg side: Verdiar og haldningar så vel som faktaopplysingar om språket spelar inn når reglane skal setjast.

Kan syntaktisk teori vere eit grunnlag for normering, frigjort frå ideologiar og verdiar? I masterprosjektet mitt nytta eg generativ grammatikk for å utarbeide prinsipielle mønster for nettopp dette.

Faste og fleksible setningselement

I masteroppgåva mi nyttar eg ei retning innan generativ grammatikk som eg kallar rammeanalysen. Grunnsteinen her er eit skilje mellom setningsstruktur (syntaks) og ordstammar (leksikalske element). Syntaksen utgjer eit rammeverk for setningar.

I dette rammeverket finn ein dei grammatiske komponentane i eit språk, som til dømes bøyingsendingar. Leksikalske element blir så plasserte inn i og tilpassa dette rammeverket. Rammeverket, altså grammatikken og ordstillinga, i ei setning viser seg å vere fast og robust, medan dei leksikalske elementa har ein friare natur.

Foto: Toyni Tobekk

Språknormene materialiseres i ordlistene våre. Foto: Toyni Tobekk

Ta til dømes desse setningane:

  • Guten sender eit brev. / Per snorkar ein popmelodi.
  • Medarbeidaren fekk rosebuketten. / Medarbeidaren fekk sparken.
  • Eg elskar Trondheim. / Eg hjartar Trondheim.

Rammeverket for setningspara i døma er det same. Dei meir fleksible leksikalske elementa kan på den andre sida bytast ut og tillèt språkbrukaren å vere kreativ.

Generativ grammatikk
> Føregangsmann: Noam Chomsky
> Forskar på ein medfødd og internalisert språkkompetanse,  Universalgrammatikken
> At språkkompetansen er internalisert betyr at vi, gjennom vår morsmålskompetanse, både kan produsere grammatiske setningar og vurdere kvaliteten på setningar vi høyrer.
> Meir om rammeanalysen: Sjå til dømes  dømes Åfarli, Tor A. (2007) «Do verbs have argument structure?» eller Borer, Hagit (2005) Structuring Sense Vol. I: In Name Only

Normative spørsmål i lys av rammeanalysen

Døma over gir oss eit bilete på korleis språkkompetansen er organisert: eit fast og robust, grammatisk rammeverk og fleksible, leksikalske ordstammar.

Det er denne kompetansen vi brukar (automatisk) når vi snakkar saman og som også bør ligge til grunn for dei skrivereglane vi utarbeider. På den måten vil det nettopp vere grunndraga i språket si oppbygging som set premissane, og ein kan normere (i større grad) utan at det ideologiske får verke inn.

Basert på rammeanalysen og delinga mellom setningsstruktur og leksikalske element, kan ein dermed sjå føre seg to hovudfelt for språknormering:

  • normering av grammatikk
  • normering av ordstammar

For å illustrere kva for praktiske konsekvensar ei slik normering kan ha, hentar eg døme frå den nye nynorskrettskrivinga (gjeldande frå 1. august 2012).

Trong normering av grammatikk

Dei grammatiske komponentane i eit skriftspråk bør ha ei trong normering. Grammatikken utgjer nemleg, som skildra over, eit fast og robust rammeverk for språket. Reglane for desse bør derfor vere tilsvarande faste og stabile.

På denne måten vil fastsette normer likne dei internaliserte normene for grammatikk. I nynorskrettskrivinga frå 2012 blir til dømes -a gjort til eineform i bunden form eintal av sterke hokjønnsord og bunden form fleirtal av inkjekjønnsord:

  • bygda/bygdi | husa/husi

Ei slik endring inneber ei innstramming der formene med -i blir strokne for å gjere grammatikken meir eintydig. Dette harmonerer godt med føringane frå rammeanalysen.

Liberal normering av ordstammar

Normeringa av dei leksikalske ordstammane i eit språk bør vere liberal, med eit mangfald av valfrie former og ortografiske alternativ. Desse har nemleg ein temmeleg fri natur i språkkompetansen vår, noko som opnar for språkleg kreativitet og fleksibilitet. Slik bør det også vere i skriftspråket.

Fleire tidlegare sideformer blir jamstilte i den nye nynorskrettskrivinga. Dette er i tråd med føringane frå rammeanalysen, då det gir språkbrukaren den fleksibiliteten som er naturleg for leksikalske element.

Ikkje svart/kvitt

Rammeanalysen gir eit idealisert bilete av korleis normeringa bør gå føre seg. I møte med språket i praksis vil det likevel alltid dukke opp spørsmål med behov for diskusjon. Ein ideell føresetnad for ei trong normering av grammatikken er til dømes at det finst eitt allment akseptert system for grammatikken blant brukarane. Men i dei norske dialektane finst ikkje berre eit mangfald av ord, men også fleire grammatiske forskjellar.

Ved normering av dei leksikalske stammane vil det vidare vere viktig å finne den gylne middelvegen mellom det å skape eit gjenkjenneleg skriftbilete og det å bevare dei naturlege variasjonsmogelegheitene.

Balansegang

Den faktiske normeringa vil med andre ord handle om å finne rett balansegang. Føringane frå rammeanalysen må nødvendigvis nyanserast av andre språkvitskaplege felt.

Vidare vil også kulturelle, sosiale og politiske mønster og målsetjingar spele inn. Rammeanalysen kan likevel vere eit fundament for normeringa som kan tene til at språkpolitikken kjem nærare målet om å handle om språket i seg sjølv.