Det folk fortel på pauserommet
Lesetid: 4 minutterSvært lite samtaleforsking er blitt gjort på menn i arbeidarklassen, og ingen har tidlegare fått tilgang til dokumentasjon av arbeidarar i industrien som snakkar saman relativt uforstyrra på arbeidsplassen. Eg var heldig og fekk komme inn med bandopptakar hos gutta på golvet. Der fekk eg dokumentera ein levande forteljarkultur.
Metode
- 16 timar lydopptak av praten på pauserommet på ein industribedrift.
- Praten går mellom fast tilsette og ferievikarar. eitt skift, ein sommar.
- Forskaren er sjølv med i opptaka, men anonymisert som alle andre.
Fokuset er forteljingane i samtalane. Av alle samtalane på opptaket har eg avgrensa utvalet til åtte samtalar.
Eg har sett på kva forteljingane handlar om, korleis dei dukkar opp i samtalen og vert fortalt, og til slutt: kva forteljingane kan seie om kulturen på denne arbeidsplassen.
Korleis dukkar forteljingane opp i samtalen?
Det er ein veldig stor forteljarkultur i industrien i Odda. Arbeidarane er flinke til å fortelje. Dei går og samlar på forteljingar, spør etter forteljingar og mange forteljingar blir derfor gjengangarar både på skiftet, avdelinga, bedriften og ellers i Oddasamfunnet.
Nokre forteljingar blir fortalt av ein person, medan dei fleste forteljingane blir fortalt av fleire forteljarar. Dei som høyrer på er også med å hjelper til med eigne kommentarar og gir respons med latter eller utrop på det hovudforteljaren seier. Denne dialogiske måten å fortelja på gjer historia og opplevinga enda morosamare.
Fleire av forteljingane er utdrag frå forteljingstunder som gjerne kjem etter at arbeidarane er ferdige med arbeidet, etter dei har gjort tunge løft og rydda eller ventar på avløysing. I slike forteljarstunder kan den eine forteljinga avløysa den andre og nærast slå den førre i hel. Dei fortel om kapp og tar med enkelte element av den eine forteljinga inn i den andre.
Forteljing avløst av nye forteljingar
Mange gongar avløyser dei kvarandre med forteljingar om sjefen som er så ille og dukkar opp når du minst aner det. Han som søv med arbeidskleda på og som plutseleg, når du akkurat har funne deg ei sag og ei øks du skal ta med heim til arbeid på huset, kan dukke opp og ta deg på fersk gjerning.
Her blir forteljarstudan utløyst av ei nettnyheit om ein pasient som har fått erstatning fordi ein lege har rota i bakenden på han. Det fører oss inn på fleire forteljingar om legefeil, arbeidsskadar og idiotiske arbeidarar. Eg les ikkje latteren som gjer at folk får lyst til å bidra med enda fleire forteljingar.
samtale 1 det her har eg aldri gjort før by herdis
Følg samtalen på tekst: s. 46 – 49, Samtaleforteljing på skiftet
Poenganalyse
Ei vanleg oppfatning av forteljingar er at ein trur forteljingar berre har eitt poeng. Og med det meinar folk eit slutt- poeng, lik som i ein vits. Ein forel ei historie med eit artig poeng, og så ler folk og alle var einige om at det var morosamt. Slik er det likevel ikkje alltid.
Forteljingane har minst tre poeng. Forteljinga har eit internt poeng som gjer at den kan forteljast av kven som helst, kor som helst, men for den som fortel er det i tillegg eit poeng å få forteljinga til å passa inn i resten av samtalen, eit kontekstuelt poeng. Det gjer han gjerne ved å bruke verkemiddel som til dømes å etterlikne stemma til andre personar, snakka fort/ sakte, høgt/lågt, overdriva, banna og/eller fornærma dei andre. i tillegg kan forteljingane ha eit underliggjande poeng som ein ser i samanheng med resten av forteljingane. Det er det sistnemnde poenget som kan gi grunnlag for å seia noko om forteljarkulturen på fabrikken i Odda.
Samtale 2.2 Poenget e at du ska samarbeida by herdis
Følg samtalen på tekst: s. 66 -67, Samtaleforteljing på skiftet
Kva fortel desse forteljingane oss om?
Dei fast tilsette formidlar kunnskap til ferievikarane som blir lært opp i moral, etikk og korleis ein skal utføre arbeidet og korleis ting fungerer på denne arbeidsstaden.
- Dei farlege maskinene. Svært mange forteljingar handlar om dei farlege maskinene og minnar stadig arbeidarane på at arbeidsplassen kan vere farleg, og at dei alltid må vere på vakt i forhold til å handtere maskinene.
- Den brysame sjefen. i fleire av forteljingane spelar ikkje sjefane på bedrifta på lag med arbeidarane. Dei er framstilte som nokon arbeidarane tek avstand frå, og ikkje ein av «oss». Ofte vil berre sjefane laga problem for gutta som jobber. Det kjem også fram at arbeidarane sjølv er ganske så tøffe og lar seg ikkje pille på nesa av sjefar, særleg ikkje av dei som ikkje er deira direkte overordna.
- Den gode arbeidaren er eit ideal i forteljingane. Ein skal vere flink i jobben sin, samarbeida, støtta andre og vera ein god kamerat. Også andre «gode» verdiar som kanskje ikkje samfunnet elles ser på som «gode» vert skildra utan at det vert problematisert på noko vis: drikking på jobb (i gamlehallen før i tida), stele frå bedrifta og be sjefen dra til helvete. Desse eigenskapane blir heller uttrykk for å vera ein sjølvstendig, tøff og god arbeidar som kan seia leiinga imot og kanskje lura dei. Sjølv om det kanskje er mest fokus på den gode arbeidaren, skil forteljingane samtidig ut dei arbeidarane som ikkje vert rekna som «ein av oss». Det er dei som går til sjefen og heile Odda og sladrar, dei som slengjer grunnlaus drit i andre og dei som legg seg opp i korleis andre gjer jobben. Ein «dårleg» arbeidar er ein som ikkje er til å stola på.
Er det sant det dei fortel?
Forteljingane er ikkje nødvendigvis uttrykk for sanninga. Ein arbeidar fortalte til dømes at ein gong han var satt til å ta oppvasken julafta av kona, knuste han dei beste vinglasa hennar for å sleppa å få den oppgåva ein gong til. Ein annan fortalte om då han var sjømann under krigen i 1942 og gjømte seg i fjella i Sør- Amerika medan Hitler stod under og ropte ’kom ned, kom ned’.
Forteljingane blir framført som om dei er sanne, men du skal ikkje alltid tru på det du høyrer. Dei uttrykker ein indu- striarbeidaridentitet, og ein kan få inntrykket av at arbeidarane fortel for at andre skal fortelja om dei.
Ein gammal arbeidar sa ein gong til meg at du må aldri tru at du er uerstatteleg på denne bedrifta. Folk kjem inn og går ut. Kvar og ein arbeidar er forgjengeleg og kan erstattast av nye, sa han, men forteljingane om arbeidarane blir hugsa og fortalt vidare.
Les og last ned masteroppgåva “Samtaleforteljingar på skiftet. Forteljingar i pausesnakk på ein industriarbeidsplass.”
Kom gjerne med kommentarar, og ta kontakt dersom du lurer på noko.
Origo.no/herdis
Twitter.com/herdis
-
ninanord
-
anne
-
Herdis
-
ninanord
-
anneaaby
-
-
-
-
anne
-
Herdis
-