24 informantar kom marsjerande
Lesetid: 3 minutter
Ein informant kom marsjerande
bortover edderkoppens fine spinn
syntest at vegen var så interessant
at han ville ha med seg ein annan informant
To informantar kom marsjerande…
Variasjon over kjent skandinavisk barnesong
I vår hadde me spunne vår fine edderkopp-vev av sosiale nettverk og venta på at informantane skulle koma marsjerande og setja seg.
I førre bloggpost skreiv eg om prosjektet me er del av, der me skal kartleggja korleis norske born typisk lærer seg språk for å kunna hjelpa born med språkvanskar. «Me» er i denne samanhengen Morten og eg, dei to masterstudentane i prosjektet. Me trong i fyrste omgang 24 informantar mellom eitt og fire og eit halvt år.
Om det ikkje var vanskeleg nok å finna foreldre av 24 born – foreldre som er villige til å gje av den korte fritida si for å hjelpa oss med prosjektet og oppgåvene våre – er det òg grupper me ikkje kan ha med.
Fleire grupper utelukka
Sidan me skal finna ut korleis norske born typisk lærer seg språk, er grupper med atypisk språkutvikling utelukka som informantar. Born med spesifikke språkvanskar eller kognitive utviklingshemmingar er sjølvsagt utelukka.
I tillegg er det andre grupper som tidvis har meir eller mindre avvikande språkutvikling. Dette gjeld for tidleg fødde born, born som har hatt historie med høyrslevanskar og jamvel tvillingar. Desse borna lærer seg som oftast å snakka like godt som alle andre, men utviklinga kan vera litt forseinka eller annleis på ulike måtar.
Mange kriterium
I tillegg måtte me ha like mange gutar som jenter til undersøkinga for at ho skulle vera nokolunde representativ. På toppen av det heile er designen slik at informantane skal vera delte inn i sju alderstrinn, med fire informantar – to jenter og to gutar – på kvart alderstrinn.
Dersom du no tenkjer at sju gonger fire er 28, og ikkje 24, har du sjølvsagt heilt rett. Det siste alderstrinnet skal me ta opp i haust når eg er tilbake frå Brasil.
Noreg er eit langstrakt land, men informantane måtte vera busette i Oslo-området. Ikkje berre fordi det er logistisk vanskeleg å ta 24 opptak kvar som helst i landet i løpet av ein månad, men i hovudsak for å unngå for store dialektskilnader. I byrjinga ville me at både barnet og begge foreldra skulle snakka austlandsdialekt, men me innsåg at det ville bli nærast umogleg å finna nok informantar i tide med dei kriteria.
Fleire rekrutteringskanalar
Så kvar fann me dei? Kva bestod edderkopp-spinnet vårt av?
Planen var å rekruttera i barnehagar, og informasjonsbrev blei delte ut til tilsette. Sosiale media, særleg Facebook, viste seg derimot å vera ein langt betre rekrutteringskanal. Trass alle kriteria klarte me til slutt å finna dei 24 informantane.
Det var langt fleire som meldte interesse enn me trengte eller Morten kunne ha rokke å ta opptak med. I nokre alderstrinn hadde me eit overskot av gutar men sleit med å finna nok jenter, og omvendt i andre alderstrinn. For nokre alderstrinn var mange av borna akkurat så unge at dei ikkje ville ha gått over til neste alderstrinn før neste runde med opptak i desember.
Alt i alt er det rørande at så mange foreldrepar har vist interesse for å delta i undersøkinga vår, og minst like synd at me ikkje kunne ta med alle.
Vegen vidare
No har Morten vore rundt på det sentrale austlande med opptakar. (Ein uendeleg stor takk til han for det!) 24 opptak med barnespråk er unnagjort, i stor grad i løpet av juni månad. Det har ikkje berre gått knirkefritt, men me er endeleg i mål med fyrste runde med opptak. Føre oss ventar eit omfattande transkriberingsarbeid – eit handverk som er langt frå fritt for vitskaplege vurderingar og utfordringar.
Til hausten er det min tur til å gjera opptak. Eg er spent på å få fyrstehands erfaring med denne typen feltarbeid, sjølve opptakssituasjonen og kva utfordringar som ligg i han.