Sex og kjærleik på Tinder
Lesetid: 5 minutterSamstundes som uforpliktande sex nærast har vorte ei kulturell norm blant unge vaksne, kan ein spørje om Tinder rett og slett har drepe romantikken.
Dei seinare åra har me vore vitne til eit kulturskifte blant unge vaksne i den vestlege verda. Openheit og sosial aksept rundt uforpliktande og tilfeldig sex blir stadig meir forankra i det kulturelle miljøet til den yngre generasjonen. Romantikk og kurtisering har blitt erstatta av umiddelbar tilfredsstilling, og mangel på emosjonell tilknyting.
Bruk av Tinder er kanskje den enklaste måten å få seg eit ligg, med minimal interaksjon og ingen kommunikasjon etter samleie. Både norske og utanlandske forskarar og psykologar har kritisert Tinder for sitt store fokus på utsjånad og sex. Dei meiner mellom anna at applikasjonen er like avhengigheitsskapande som narkotika, svekker samfunnsmoralen, og førar til ei auke i spreiing av kjønnssjukdomar.
På tross av dette meiner brukarane sjølve at Tinder er eit godt verktøy for å kome i kontakt med andre mennesker på. Datingapplikasjonar som Tinder har gjeve oss fleire høve for å møte potensielle partnarar enn nokon gong før. Kulturen er uformell, og det er lav terskel for brukarane å ta kontakt med kvarandre.
Tinder
> Tinder er ein geososial mobilapplikasjon som tilbyr brukarane å kome i kontakt med andre menneske basert på telefonen sitt posisjoneringssystem.
> Applikasjonen hentar informasjon frå Facebook, som til dømes bilete, kjønn, og alder, for å generere ein brukarprofil.
> Den blei lansert i 2012 (2013 i Noreg), og har på få år blitt ein av dei mest populære mobilapplikasjonane i verda.
Brukarane oppgjer både venskap og kjærleik som eit resultat av å nytta Tinder. Likevel meiner mange at eit langsiktig forhold via applikasjonen høyrer til unntaka.
Den nye generasjonen datingtenester
Tinder føyer seg inn i rekka av geososiale applikasjonar som Gaysir, Hinge og Happn. Applikasjonane tilbyr brukarane å kome i kontakt med kvarandre hovudsakleg basert på mobiltelefonen sitt posisjoneringssystem. Desse tenestene har klart å tiltrekkje seg unge brukarar mellom 18 og 24 år som tidlegare var underrepresentert i meir etablerte nettdatingtenester.
Tinder har vunne brukarar med minimalt med funksjonar, og eit svært brukarvenleg grensesnitt. Heile 98% oppgjer at dei sjølv eller nokon dei kjenner nyttar applikasjonen.
Eg likar Tinder fordi det er så enkelt, og fordi alle er der. Mann, 25-34 år
Om studien
> Funna er basert på en anonym, nettbasert spørjeundersøking med 903 deltakarar, samt dybdeintervju med 9 informantar rekruttert via spørjeundersøkinga.
> 70% av deltakarane var kvinner.
> 77 % av deltakarane var mellom 18 og 24 år.
> Deltakarane vart spurde om tankar, haldningar og opplevingar dei har hatt knytt til si eiga deltaking på Tinder, og menneska dei har kome i kontakt med gjennom applikasjonen.
Barrieren for å registrere seg på Tinder er svært liten, då det ikkje krev mykje av brukaren å opprette ein profil. Interaksjon med applikasjonen er enkel, og brukaren treng kun ta stilling til om dei likar eller ikkje likar vedkommande som visast på skjermen. Denne avgjersla skal gjerast i løpet av eit par sekund, og dette fokuset på impuls, intuisjon og behov i augneblinken, er det som kjenneteiknar Tinder.
Det er ein heilt ny måte å finne ut om nokon er interessert i deg som ikkje har eksistert før. Kvinne, 18-24 år
I motsetning til meir tradisjonelle datingtenester, der alle kan ta kontakt med alle, kjem brukarane av Tinder kun i kontakt med kvarandre dersom begge har vist interesse.
Brukarane får kun beskjed om kor mange matchar dei har, og ikkje kor mange gongar dei har blitt avvist. Dermed har Tinder lukkast med å fjerne mykje av frykta for å bli avvist, noko som historisk sett har hemma datingprosessen.
Overflatisk kortspel
Tinder har overført kvalitetar frå kortspel til nettdating, ved at brukaren blir presentert for informasjon i ein virtuell kortstokk. Alle kort inneheld eit profilbilete, fornamn og alder. Applikasjonen baserar seg på tanken om å spara på dei beste korta og forkasta dei dårlege, ved å sveipe til høgre eller venstre i applikasjonen.
Det blir som eit spel og eg må ofte tenkje på at eg faktisk ser på personar med følelsar. Mann, 18-24 år
Tinder utnyttar dermed naturlege psykologiske behov som konkurranseinstinkt og sjølvrealiseringsbehov gjennom eit belønningssystem i form av match. Hovudfokuset ligg på profilbiletet, noko som blir forsterka ved at dei færraste brukarane legg inn profiltekst. Utsjånad og attraktivitet vil då i stor grad vera avgjerande for kor mange match ein brukar får.
Tinder får fram dei verste sidene mine. Eg dømmer folk, ler av dei og blir endå meir kresen enn i det verklege liv. Kvinne, 18-24 år
Brukarane ser då etter grunnar til å forkaste, framfor grunnar til å behalde kvarandre. Med så mange potensielle partnarar er det ikkje rart at brukarane kjenner seg lite knytt til, eller ansvarleg ovanfor den andre personen som visast på skjermen.
Frimarknad for sex
Mange meiner at Tinder nærast har blitt ein digital møteplass for dei mindre seriøse, som kun er ute etter uforpliktande sex. Dette låg til grunnlag for at fleire brukarar sletta applikasjonen etter kort tid.
Eg hadde eigentleg tenkt å halde meg unna Tinder fordi eg hadde fått inntrykket av at det var eit kjøttmarknad. Kvinne, 25-34 år
Denne metaforen trekkjer parallellar med eit ekte kjøttmarknad, der kjøtt er hengt opp på utstilling, folk ser på, bedømmer kvaliteten til, og avgjer om dei vil kjøpe det eller ikkje. Menneske blir her vurdert utelukkande utfrå for deira potensial som fysiske forbruksobjekt. Dette kan forklara kvifor kvinnelege brukarar oppgjer å ha flest ukomfortable opplevingar knytt til Tinder og sex. Desse opplevingane kunne vera alt frå seksuell trakassering, objektifisering, eller nedlatande ytringar.
Menn generelt oppfører seg som desperate, kåte grisar som ikkje eig respekt for kvinner. Mann, 25-34 år
Mange av dei mannlege brukarane var pågåande, innpåslitne, og sendte uprovosert vulgære nakenbilete. Meir sjeldne opplevingar omhandla stalking, telefonterror og valdtektsforsøk frå menn, etter kontakt med dei på Tinder.
Dei mannlege brukarane var meir plaga av falske profilar, som spambots, og prostituerte. Sistnemnde brukar Tinder som ein ny marknadsføringsplatform, medan spambots sender lenker til sextenester eller pornosider.
Sjølv om uønska seksuelle førespurnadar er vanleg for brukarar på Tinder, er det lett å slette matchen eller blokkere vedkommande.
Ufortent kritikk
Tinder har utan tvil forsterka den opne kulturen rundt tilfeldig og uforpliktande sex. Samtidig er det ikkje applikasjonen si skuld at unge vaksne vil liggje rundt. Fleire brukarar tykkjer dessutan at Tinder er eit godt verktøy for å kome i kontakt med andre menneske på, og at det ved fleire høve er å føretrekke framfor tradisjonelle møtestader.
Brukarane nyttar applikasjonen til blant anna å kome i kontakt med lokalbefolkninga på reise, eller for å utvide nettverket sitt etter å flytta til ein ny stad. Fleire brukarar oppgjer å ha funnet både gode vener og den store kjærleiken gjennom applikasjonen.
Møtte kjærasten min på Tinder. Hyggeleg chat, dating og no eit flott forhold. Me ler av at me møtte kvarandre på Tinder og synes det er gøy. Kvinne, 18-24 år
Brukarane søker, sveipar, sender tekstbaserte meldingar, utvekslar bilete og kontaktinformasjon, men den eigentlege daten skjer i det verklege livet, når ein til slutt møter kvarandre andlet-til-andlet.
Eg trur det må meir til enn bare Tinder for å finne kjærleiken, men det er jo ein måte å sette folk i kontakt på. Kvinne, 18-24 år
Tinder har fått mykje kritikk for noko som i stor grad bør skuldast på brukarane deira. Dagens samfunn har generelt eit stort fokus på sex, samstundes som brukargruppa av Tinder er unge og gjerne er meir ute etter underhaldning enn seriøse, varige forhold.
Ofte er det slik med nye system at useriøse brukarmønster får fotfeste. Etterkvart som ei eldre brukargruppe òg finn vegen til Tinder, vil kulturen kanskje verta meir seriøs.
Pingback: Sex og kjærleik på Tinder – Renate Bratseth()