Indianaren: tradisjonell, teppekledd og avvæpna?
Lesetid: 6 minutterThe North American Indian
> 20 bind med tekst og fotografi utgjeve mellom 1907 og 1930.
> Edward Sheriff Curtis var initiativtakar, forfattar og fotograf.
> Prosjektet vart økonomisk og ideologisk støtta av mektige menn som president Theodore Roosevelt, finansmannen J.P. Morgan og antropologane Georg Bird Grinell og Frederick Webb Hodge.
> Føremålet med prosjektet var å dokumentere dei Nordamerikanske indianarane sitt tradisjonelle levesett, fordi Curtis meinte det kom til å forsvinne.
> Bare indianarstammer vest for elvene Mississippi og Missouri vart dokumentert. Stammene aust for dette vart sett på som for påverka av den vestlige sivilisasjonen til å vera av interesse for prosjektet.
> Heile prosjektet kan sjåast på Northwestern University si Digital Library Collection
Fotogravyre
> Fotogravyre er ein fototeknikk utvikla på 1830-tallet, der trykket blir framstilt ved hjelp av kobbarplater og etsing. Den moderne fotogravyreteknikken, som framleis er i bruk i dag, vart utvikla på 1880-talet.
> Teknikken gjev reproduksjonar djubde og detaljrikdom og er nytta til dømes for å trykke fotogravi og avfotograferingar av illustrasjonar.
> Dei fotografiske porteføljene til The North American Indian vart produsert som fotogravyre.
Fotografia i Edward Sheriff Curtis sitt prosjekt The North American Indian utgjer ei viktig forståing av vårt samtidige bilete av indianaren. På same tid er de ein del av det moderne menneskets forståing av seg sjølv.
Frå Columbus steig i land i den nye verda i 1492 har det vore knytt ei todelt forståing til indianarane. Det amerikanske urfolket var ville, barbariske, kannibalistiske heidningar og samtidig uskuldige, vakre og edle. Dette finn ein igjen både i tekstlige og visuelle framstillingar fram til vår tid.
Felles for desse forståingane er at indianaren er ein del av ei røynd forut for den moderne og siviliserte tida europearane levde i. Indianarane blir på dette viset ein del av motsetninga mellom det moderne og det tradisjonelle. Dette er eit motsetningspar som ikkje bare er avhengig av, men også skapt av kvarandre.
Populistiske framstillingar
Dagens forståing av indianarar er knytt til visuelle og tekstlige populistiske framstillingar som meir eller mindre har rot i røynda. Ei viktig visuell framstilling, som mange vil kjenne igjen frå kalendrar, postkort og «coffee table books» er fotografi som Oasis in the Bad lands. Eit bilete som viser ein mann på ein kvit hest, og som ein utifrå tittelen og symbolske visuelle forståingar forstår er ein indianar i The Bad Lands, Sør Dakota.
Northwestern University Library. Edward S. Curtis: Oasis in the Bad lands
Fotografiet er ein del av fotograf Edward Sheriff Curtis sitt etnografiske og kunstnariske prosjekt The North American Indian. Prosjektet utgjer 20 bind med tekst og medfølgjande porteføljar med fotogravyre (se faktaboks), gjeve ut i perioden 1907-1930.
Ein utøyande rase
Hovudmålet med Curtis sitt prosjekt var å vise A vanishing race (som også det fyrste, og blant dei best kjende fotografia i porteføljane heiter). Den rådande oppfatninga både politisk og vitskaplig på den tida, var at den tradisjonelle indianaren og hans levesett var på veg til å forsvinne. For Curtis var føremålet med prosjektet å lage ei tekstlig og visuell dokumentasjon.
Som Curtis sjølv skildrar i introduksjonen til prosjektet:
to form a comprehensive and permanent record of all the important tribes of the United States and Alaska that still remain to a considerable degree their primitive custom and traditions.
Northwestern University Library. Edward S. Curtis: Vanishing Race – Navaho
Den erobra indianaren
Heile det amerikanske kontinentet var i 1907 (når Curtis gav ut det første bindet av The North American Indian) erobra. Etter Sitting Bulls død og massakren ved Wounded Knee i 1890, var det indianske væpna opprøret slått ned. Den ville indianaren var ikkje lengre ein trussel og hadde vorte ein romantisk, utdøyande figur som ein måtte ta vare på minnet av.
I Curtismaterialet finn ein eit fotografi av den tidligare frykta apachehøvdingen Geronimo som overgav seg til dei amerikanske myndighetane på 1880 –talet. Fotografiet av Geronimo tok Curtis under Theodore Roosevelt sin innsetjingssermoni i 1907. På dette fotografiet kan ikkje Geronimo sjåast som ein farlig krigar, men som ein gamal mann som har gjeve opp kampen, intulla i eit teppe.
Northwestern University Library. Edward S. Curtis:
Geronimo – Apache
Indianaren som den andre
Curtis sitt prosjekt har ein klar kunstnarisk dimensjon. Prosjektet er også interessant i eit kulturvitskaplig perspektiv. Curtis si framstilling av indianaren som tradisjonell og primitiv understreker samtidig at han høyrer til det moderne og siviliserte samfunnet. Igjennom denne framstillinga vart det også understreka kva det moderne samfunnet ikkje er.
Knytt til motsetninga mellom det tradisjonelle og det moderne er førestillinga om den andre, eit omgrep kjent frå filosofisk og postkolonialistisk tenking. Den andre kan sjåast som:
- ein temporal , eller tidsmessig, annan, som i hovudsak var knytt til tidligare europeiske sivilisasjonar.
- ein geografisk annan, knytt til folkeslag utanfor Europa.
- ein ekstern annan, knytt til motsetninga til det siviliserte og utviklinga i Europa – som bønder, fattige og kvinner.
Som det tradisjonelle står også den andre i motsetning til det moderne, eller heller det moderne mennesket. Både når det kjem til motsetninga mot det tradisjonelle og den andre står ideen om framsteg og utvikling sterkt. Det moderne har utvikla seg frå det tradisjonelle og det moderne mennesket har utvikla seg i motsetning til den andre.
Indianske symbol
Curtis si framstilling av indianaren som tradisjonell og ein annan kjem klart fram igjennom symbolikk i det fotografiske materiale. Eit døme på dette er fotografiet Chief of the desert – Navaho.
Northwestern University Library. Edward S. Curtis:
Chief of the Desert – Navaho
Fotografiet viser ein mann kledd i eit teppe med lokkar av langt hår og eit tøystykke knytt rundt hovudet. Verken teppet, bandet rundt hovudet eller det lange hår var noko ein mann frå Curtis si etniske og kulturelle gruppe ville ikledd seg.
Igjennom bruken av desse rekvisittane understrekar Curtis at den fotograferte mannen tilhøyrer det tradisjonelle og forhistoriske. Den fotograferte mannen er ein annan, og med dette ein indianar og ikkje eit individ. Dette blir understreka av bildeteksten som ikkje namngjev mannen, men viser til hans stammetilhøyring.
Fotografisk røyndom
Det fotografiske mediet er eit viktig verkemiddel i skapingsprosessen av Curtis si framstilling av indianaren.
Det fotografiske mediet er tosidig. Igjennom ein kjemisk, teknisk prosess tek eit fotografi eit utsnitt av røynda. Samtidig er eit fotografi eit produkt av den kulturelle og historiske røynda den er skapt i igjennom fotografens val av motiv, ljossetjing og val av perpektiv. Som etnolog Oddfrid Reiakvam enkelt skildrar eit fotografi i doktoravhandlinga si:
Bilderøyndom og Røyndomsbilete.
Curtis sine fotografi må sjåast i denne metodiske og teoretiske forståinga av mediet.
I Curtismaterialet på Library of Congress finn ein eit anna fotografi av mannen som er fotografert i Chief of the desert – Navaho. Tydeligvis frå same fotografering. Men dette fotografiet er ikkje med i The North American Indian. Her ser vi mannen frå ein annan vinkel. Teppet er lengre ned, så ein skimtar at han også har ei vestleg skjorte.
Library of Congress. Samlinga “Print and Photograph”.
Avfotografert av forfattaren. Edward S. Curtis: ukjent tittel.
Valet av fotografiet som er med i The North American Indian er mykje trulig eit kunstarisk val, sidan Chief of the Desert – Navaho er eit betre og meir majestetisk fotografi. Samtidig gjer det mannen meir indiansk – fokuset i fotografiet er på teppet og ein kan ikkje sjå den vestlige klesdrakta hans.
Vestleg suverenitet
Curtis sitt føremål med The North American Indian var å bevare det han såg som eit forsvinnande, tradisjonelt indiansk levesett som han og samtida meinte var på veg å forsvinne. Motiva hans viser indianarar som er indianske på grunn av Curtis sin symbolske bruk rekvisittar og kostyme, i like stor grad som deira etniske tilhøyring.
Dei indianske motiva er samtidig ei motsetning til det moderne, siviliserte vestlege samfunnet som Curtis sjølv tilhøyrar. The North American Indian kan dermed også forståast som eit bilete på det moderne samfunnet si utvikling, overlevingsevne og suverenitet over det primitive, indianaren og verda utanfor vesten.