Vår tids menneskehandel
Lesetid: 6 minutter“Fattig, utnytta og sårbar kvinne.” Når det blir teikna eit bilde av mennesket utsett for handel, er det ofte ei passiv og sårbar kvinne utsett for seksualisert vald som blir skissert. Dette er også det bildet vi finn i norske regjeringars handlingsplanar.
Kva gruppe migrantar som fell under definisjonen menneskehandel er avgjerande for kven som blir gjeve rettar og kven som blir utelukka frå desse rettane. Eg meiner utrykket menneskehandel er for snevert. Utrykket tilslører viktige dimensjonar omkring kva som utgjer eit offer og kva arena vi ventar å finne menneske utsett for handel på. Samtidig er ikkje dette utelukkande med å fremme rettferd for menneske utsett for handel. For det enkelte individ kan språket og forståing av menneskehandel med vekt på dei grovaste historiene, føre til at menneske utsett for handel ikkje kjenner seg igjen i den verkelegheita som blir framstilt.
Menneskehandel er vår tids slavehandel
I norsk forståing blir menneskehandel i stor grad forstått som organisert kriminalitet, på størrelse med våpen- og narkotikakriminalitet, der vara er kvinner frå fattige land. (Regjeringens handlingsplan mot menneskehandel 2006-2009). Min påstand er at denne forståinga ikkje ivaretar menneskerettslige omsyn. Det skjer ei personifisering av fenomenet som flyttar ansvaret for eit globalt samfunnsproblem over på enkeltmenneske. Menneskehandel blir i stor grad konstruert som eit kriminalitetsfenomen. Forståinga av den menneskehandla som offer og menneskehandlaren som kriminell er med å legitimere grensekontroll, og dermed ein streng innvandringspolitikk, som eit middel i kampen mot menneskehandel. Ved å snakke om enkeltskjebnar og offer tar ein merksemda vekk frå dei meir komplekse strukturane som muliggjer menneskehandel. Våre nasjonale grenser og migrasjonsproblematikk er ein del av desse strukturane. Kriminalitetskonstruksjonen overskyggar dermed migrasjonsproblematikken som menneskehandel er ein del av.
Menneskehandel er eit relativt nytt ord i det norske språket og store delar av innhaldet er henta frå internasjonale konvensjonar som Palermoprotokollen og Europarådskonvensjon. Forståinga som kjem til utrykk i norske regjeringars handlingsplanar ser ut til å ha stor gjennomslagskraft i det norske samfunnet. Forståinga er avgjerande for resursbruk knytt til fenomenet, retningsgivande for lovverket rundt menneskehandel og for hjelpeapparatet oppretta rundt ivaretaking, avdekking og straffeforfølging. Eg har gjort ei analyse av forståinga av menneskehandel slik den blir framstilt i handlingsplanane mot menneskehandel gitt ut av norske regjeringar for tidsrommet 2003 – 2009:
- Regjeringens handlingsplan mot handel med kvinner og barn (2003-2005)
- Regjeringens handlingsplan mot menneskehandel (2005-2009)
- Regjeringens handlingsplan mot menneskehandel (2006-2009) Stopp menneskehandelen
Når eg ser på forståing av menneskehandel er eg ikkje ute etter å avdekke sanne eller falske fortelingar. Ein konstruksjon er ein av fleire mulige fortelingar. Det som då blir interessant er å sjå om ein konstruksjon er nyttig eller ikkje. Med dette blir analysen klart normativ. Er det nasjonalstaten sine grenser konstruksjonen skal vere nyttig for, eller er det mennesket utsett for handel?
Overgriper og offer
Overgriper er ein del av personifiseringa av menneskehandel. Menneskehandlar blir framstilt som ein farleg og valdeleg mann. ”Bakmenn og halliker agerer bror, kjæreste eller ektefelle” (Regjeringens handlingsplan mot menneskehandel 2006-2009:6). Denne mannen er ikkje berre valdeleg, men står i eit tett relasjonsforhold til kvinna. Dette vekker sterke kjensler av urett. Menneskehandlaren er den klare kontrasten til offeret, han er skurken og opererar i eit kriminelt nettverk. Denne konstruksjonen av ein felles fiende rettar merksemda mot den kriminelle som ansvarleg for menneskehandel, og nedkjemping av kriminalitet blir sett som hovudmålet for kampen mot menneskehandel.
Den måten offeret blir snakka om i handlingsplanane gir ei rekke assosiasjonar til den forståinga av offer som ligg i vår kultur. Førestillingar om verdig eller uverdig offer kan vere med å påverke kven som søker hjelp. I nokre tilfeller kjenner ikkje mennesket som er utsett for handel seg igjen i offerbildet, dette kan gjere vegen til hjelp vanskelegare. Det er eit klart kjønnsperspektiv når vi snakkar om offer og skurk. Offeret er kvinne og skurken er mann.
Menneskehandel eller sosial dumping?
Handlingsplanane set i stor grad likskapsteikn mellom menneskehandel og prostitusjon. Andre former for handel blir inkludert i menneskehandeldefinisjonen, men dei blir vidare ikkje via mykje merksemd. Når det er snakk om menneskehandel for prostitusjon har vi alle eit bilete av kva dette er og eit narrativ å feste det til. Menneskehandel for arbeid er ikkje like tydelig for oss. Dette har vi ingen fortelingar om. Polske arbeidarar med lave løner og uverdige arbeidsforhold har vi derimot eit bilde av. Dette kallar vi sosial dumping. Det er ei gråsone mellom menneskehandel og sosial dumping. Dette gjer at eit tilfelle av menneskehandel kan bli definert som sosial dumping. Sosial dumping gir ikkje dei same rettane som ved identifisering av menneskehandel. Ei utviding av fenomenforståing vil dermed gi staten eit utvida ansvarsområde for menneske utsett for menneskehandel for arbeid.
Menneskerettslige eller kriminalpolitiske omsyn?
Den menneskehandla som offer utløyser rettar i den norske velferdsstaten. Opphald og ivaretaking blir gitt for å verne individet. Refleksjonsperioden, som gir menneske utsett for handel 6 månadars opphaldsløyve, er ei spesialordning på sida av det ordinere asylsystemet. Desse rettane skal sikre menneskerettslig vern av mennesket.
Straffeforfølging av menneskehandlere og ivaretakelse av ofre for menneskehandel er komplementere strategier i kampen mot menneskehandelen. Å gi ofre for menneskehandel beskyttelse og hjelp er ikke bare en menneskerettighetsforpliktelse, men også avgjørende i forbindelse med innsamling av bevis i straffesaker mot menneskehandlere (Regjeringens handlingsplan mot menneskehandel 2006-2009:17).
Argumentasjonen for å gi vern og ivaretaking er ikkje utelukka grunngjeve med menneskerettslige grunnar. Kriminalitetskonstruksjonen av menneskehandel står her sentralt. Den menneskehandla får rettar dels av menneskerettslige hensyn, men også for å gi viktig informasjon i avdekking og straffeforfølging. Den menneskehandla har ei rolle som vitne.
Etter enda refleksjonsperiode er hovudregelen at den menneskehandla skal returnere til heimlandet. Det blir ikkje skrive noko i handlingsplanane om sentrale problemstillingar knytt til dette, som re-traffikering eller om der er grunnar til å frykte det kriminelle miljøet i heimlandet.
Dersom den menneskehandla ønskjer vidare opphald i landet etter enda refleksjonsperiode er det to muligheiter. Søke om utviding av refleksjonsperioden eller om asyl. For å få utvida refleksjonsperiode må den menneskehandla vere nyttig for etterforsking eller straffeforfølging i ein menneskehandel sak. Perioden kan utvidast med inntil eit år om gangen. Menneskerettslige omsyn i seg sjølv er ikkje grunnlag for å utvide refleksjonsperioden.
Etter ny utlendingslov 2010 blir tidligare offer for menneskehandel inkludert i definisjonen ”spesiell sosial gruppe” som dannar grunnlag for å kunne søke om asyl som flyktning. Dette gjer det enklare å få asyl for denne gruppa. Likevel står menneske utsett for handel utan garanti for å få opphald. Eit menneske som vitnar eller gir politiet informasjon set seg sjølv i ein ytterligare sårbar situasjon. Mennesket har likevel ingen garanti for kva som skjer etter den 6 månadars refleksjonsperioden er over. Mennesket er ikkje, objektivt sett, i noko mindre grad offer for menneskehandel etter 6 månadar, men det blir no omdefinert frå reflektant til asylsøkar.
Menneskehandel eller menneskesmugling?
Til forskjell frå konstruksjonen av menneskehandel med vekt på opphald og ivaretaking, er forståinga av menneskehandel som organisert kriminalitet med vekt på migrasjon og grensekontroll, framheva for å ivareta nasjonalstaten sine rettar og behov.
Vi lev i ei verd med stadig aukande økonomisk ulikskap, og i ei tid prega av globalisering. Denne globaliseringa verkar ikkje likt for alle. Samtidig som befolkninga på den nordlige halvkule enkelt kan flytte seg rundt i verda skjer det ei skjerping i grensekontroll mot flytting frå aust mot vest og sør mot nord. Når grensene mot Schengen blir skjerpa, blir det stadig vanskeligare for menneske utanfor grensene å komme seg inn. Den strenge grensekontrollen gjer menneske som ønska å flytte seg over grenser avhengig av ein tredjeperson for å gjennomføre passeringa. Grenser aleine vil ikkje skape menneskehandel, men dei er ein sentral del av migrasjon, menneskesmugling og menneskehandel. Menneskehandel og menneskesmugling blir definert som to ulike fenomen, i det dei får kvar sin protokoll som supplement til FNs konvensjonen mot grenseoverskridande organisert kriminalitet. I realiteten er ikkje skilet så klart, menneskesmuglarar og menneskehandlarar har mykje den same funksjonen i det dei hjelp menneske å migrere. Menneske sitt ønske om å passere ei grense er underliggande ved begge fenomena skriv Carling i ”Fra Nigeria til Europa: Innvandring, menneskesmugling og menneskehandel”
Det er eit mål for europeiske land, og Norge, å framstå som vanskeleg å migrere til, for å hindre store flyktningstraumar. I denne konteksten blir altså menneskehandelomgrepet forma. Det er ei interessekonflikt mellom enkeltmenneskets menneskerettar og statens interesser.
Handlingsplanane anerkjenn restriktiv innvandringspolitikk og grensekontroll som ei av årsakene til menneskehandel. Samtidig fremmar dei auka grensekontroll som eit middel i kampen mot menneskehandel. Dette er ei motsetning i framstillinga av menneksehandel.
Eit eksempel på grensekontroll som ein måte å stanse menneskehandel på er argumentasjonen for endring av visum regleverket. Endringa er gjort for å ”beskytte utenlandske kvinner mot voldelige menn i forbindelse med familieetablering og visum” (Regjeringens handlingsplan mot menneskehandel 2005-2008:6). Her blir ein sårbar situasjon brukt som argument for å hindre innreise.
På denne måten kan ein sei at konstruksjonen av menneskehandel, der enkeltpersonar blir utnytta av kriminelle organisasjonar, og treng vern frå den situasjonen dei er i, legitimerar den restriktive innvandringspolitikken som blir ført av europeiske land.
Utvida ansvar for den enkelte stat
Menneskehandel omgrepet er forma for å gi utvida rettar til ei bestemt gruppe. Konstruksjonen av menneskehandel som kriminalitet har vert viktig for å skape felles oppslutning og vilje til politisk innsats på internasjonalt og nasjonalt nivå. Samtidig ser vi at denne konstruksjonen utelukkar sentrale dimensjonar av menneskehandel fenomenet. ”Slavehandel” gir assosiasjonar til brutalitet, det set menneskehandel inn i ei historisk ramme, der vi ser utnyttarane og organiserte miljø som dei ansvarlige for uretten. Grensekontroll blir fremma som eit middel i kampen mot menneskehandel. Kriminalitetskonstruksjonen overskyggar dermed migrasjonsproblematikken menneskehandel er ein del av. Den still enkeltpersonar til ansvar for eit globalt samfunnsproblem. Det komplekse rundt kriminalitetskonstruksjonen og migrasjonskonstruksjonen blir ikkje gjort til tema i handlingsplanane. Dersom forståinga av kva menneskehandel er, blir utvida, vil middela i kampen mot handel måtte utvidast. Dette ville ført til større ansvar på den enkelte stat.