Møte med den norske kvardagen
Lesetid: 3 minutterDet mørke håret rammar inn ansiktet som markerte linjer allereie har sett seg i. Det vitnar om ein bakgrunn som er prega av mørke, håpløyse og apati. Likevel glimtar han tidvis til i eit smil.
Elar rømte i 1991 frå Iran, og kom etter kvart til Noreg. Han følgde den tradisjonelle vegen, via asylmottak og norskkurs, før han etter eit år stod med stadfestinga på at han kunne opphalde seg lovleg i Noreg. No skal han, til liks med andre i same situasjon, møte den norske kvardagen som integrert (?).
Kva veit vi om kvardagslivet til såkalla ikkje-vestlege menn som har kome til Noreg i vaksen alder? Korleis opplever dei kvardagslivet sitt og utfordringar i kvardagen? Er det spesielle utfordringar det er viktig å vite meir om for å kunne legge til rette for ei inkludering i samfunnet reint generelt?
Denne studien tek utgangspunkt i fem menn som opphavleg kjem frå Iran og Irak, men som no er busett i Oslo. Alle har familie. Felles er mellom anna at ingen no er i arbeid. Eg har møtt dei i arbeidet mitt som behandlar (klinisk sosionom) ved ein psykiatrisk poliklinikk, og derfor sa dei og ja til å delta i dette forskingsprosjektet. Utvalet er spesielt og vanskeleg tilgjengeleg for forsking. Alle er ved hjelp av diagnosesystemet definert til å ha ei alvorleg psykisk liding. Eg har intervjua fem av dei med mål om å fange dagleglivet deira og spesifikt få fram korleis dei taklar kvardagen.
INTEGRERINGSARBEID
I Noreg er det stor politisk semje om ”arbeidslinja”, dvs. levebrødet skal sikrast gjennom deltaking i arbeidslivet. Store ressursar vert nytta til å få folk som har falle ut av arbeidslivet, attende. Deltaking i arbeidslivet er og eit av fire område som vert sett som viktige for å kunne seie noko om inkluderingsarbeidet.
Andre viktige område som er avgjerande for å lukkast i inkluderingsarbeidet er oppvekst, utdanning og språk, likestilling og deltaking.
”IKKJE-VESTLEG”
Fokuset i oppgåva er norske menn med innvandrarbakgrunn, også kalla ikkje-vestlege menn. Ikkje-vestlege innvandrarar er i utgangspunktet ein statistisk kategori som er nytta av Statistisk Sentralbyrå for å beskrive personar med bakgrunn frå land i Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika og Aust-Europa. Termen ikkje-vestleg kan oppfattast å vere verdiladd. Han kan stå som ein motsats til vestleg, og det gjev ei todeling som dekker heile folkesetnaden i verda, ”vesten- og resten”, eller ”vi” og ”dei andre”, noko som igjen skapar avstand.
KVARDAGSLIVET
I studien set eg fokus på individet og har tatt i bruk det teoretiske perspektivet interseksjonalitet sett i høve eit minoritetsperspektiv og eit familie/kjønnsperspektiv. Samstundes har det vore sentralt å sjå mennene i eit meistringsperspektiv.
Interseksjonalitet set mellom anna søkelys på korleis etnisitet, klasse, kjønn, nasjonalitet og alder verkar saman og korleis desse variablane definerer individ som like og ulike i høve maktposisjonar. Omgrepet tek sikte på å forsøke å ikkje definere mellom anna innvandrar som gruppe eller kategori, men i staden forsøker ein å sjå korleis makt kjem til uttrykk i arbeidsliv, familie og fritid.
Utvalet mitt er deltakarar og aktørar i ulike makt- eller avmaktsposisjonar. Ved å nytte eit minoritetsperspektiv, eit familie/kjønnsperspektiv og eit meistringsperspektiv samstundes, kan blikket mot dei fem integrerte (?) mennene gje anna forståing og kunnskap om motiv og moglegheit for handling, då målet mitt er å få fram informanten som aktør i sitt handlingsrom.
Grunnleggande tillit til andre er skada gjennom deltaking i krig og tortur. Krig og elende pregar framleis kvardagen gjennom parabol og ulike tv-kanalar. Fleire unngår helst kontakt med andre. Kva skjer når ein løfter fram meistringsperspektiv i møtet med pasientane som eit viktig supplement til fokuset på sjukdoms- og diagnosebiletet?
KVINNESYN
Kanskje det mest overrakande eg ser no i ettertid, er refleksjonar kvinner i hjelpeapparatet som skal hjelpe folk til å komme attende til arbeidslivet, gjer seg. Tre kvinner som deltek i ei fokusgruppe fekk mellom anna spørsmålet : Erfarer du at det er forskjell å arbeide med etniske nordmenn og menn med etnisk minoritetsbakgrunn? Kva er eventuelt likt/ulikt (del erfaring).
Enkelte ikkje-etnisk-norske menn kan vere lettare å krenke enn etniske nordmenn. Eg vel å vere meir varsam i forhold til kva eg foreslår og korleis eg foreslår tiltaka. Eg tek omsyn til korleis forslaga vert tenke imot (Gunn)
Møtet mellom kvinnene i hjelpeapparatet og dei mannlege brukarane kan opplevast som møte mellom ulike kulturar på fleire vis. Her er det snakk om både kvinne- versus mannskultur og vestleg- versus ikkje-vestleg, samt at religiøse overtydingar kan ha påverka møta.
Kvinnene i fokusgruppa opplever mellom anna å ikkje få den respekten dei meiner å ha krav på, og dei har ei oppleving av å verte sett ned på, og dei har opplevingar som vert knytt til kjønnet deira. Dei er heile tida budd på reaksjonar frå brukarane som ein konsekvens av at dei er kvinner.
TIL SLUTT
Fokus på kvardagslivet til etniske minoritetar, i denne samanhengen såkalla ikkje-vestlege med alvorlege psykiske vanskar, er nesten fråverande i forsking og den offentlege debatt. Nokre av funna, spesielt på forhandlingsteknikk, rasisme og kvinneperspektivet, bør kanskje stå på den offentlege agenda.
-
Helge