Få dreis på nynorsken

Lesetid: 2 minutter

Arbeidet mitt med å gjere nynorsken meir attraktiv har resultert i Dreis; ei ressurspakke for elevar på 5.-7. trinn med nynorsk som sidemål. Ved å ta i bruk ressurspakka Dreis blir elevane introdusert til nynorsken gjennom leik og utfordrande aktivitetar. Dreis vil oppmoda til oppdaging av nynorsk, til uformell leiking med språket og til samarbeid mellom elevane. I tillegg vil den tilhøyrande nettsida gjere det mogeleg for lærarar og elevar å utveksle erfaringar med kvarandre, gje og motta tips samt tilpasse undervisninga til dagsaktuelle tema.

Bakgrunn

I 3. klasse på vidaregåande skule var eg den einaste som hadde nynorsk som hovudmål. Då vart det naturleg for klassa mi å bruke meg til gjennomlesing av sidemålsinnleveringar. Å tenke attende på desse tunge tekstane, opphengde i skrivereglar, meir eller mindre strippa for skrivarglede og med gammaldagse og avleggse formuleringar, får meg til å undrast og lure…

Korleis kan eg som designar vera med å profilere nynorsken slik at målforma kan verta meir attraktiv blant ungdom?

Ei mykje debattert målform

På ei side blir nynorsken forbunde med høgkultur og stor dikting som eignar seg godt som kunstspråk. På den andre sida blir målforma forbunde med eit avleggs bygdespråk; eit uforståeleg fjøslatin. Eg trur at begge desse polariserte meiningane skapar distanse til språket. Eg saknar den uformelle leikinga og oppdaginga av nynorsk, og dette ynskjer eg å bidra med gjennom masterprosjektet mitt.

Mange tek til orde for valfri sidemålsundervisning i skulen. At nynorsken ofte blir forbunden med tvang og pugging kan vel ikkje vere teneleg for målforma? Sjølvsagt ikkje. Men å avskaffe sidemålsundervisninga ser eg på som ei lettvint løysing. Måten målforma blir presentert på, undervisningsforma og undervisningsfokuset, bør revurderast. Ved å ta i bruk ressurspakka Dreis, som eg har utvikla eit rammeverk for, blir elevane introdusert til nynorsken gjennom leik og utfordrande aktivitetar. Dreis vil oppmoda til oppdaging av nynorsk, til leik med språket og til samarbeid mellom elevane. I tillegg vil den tilhøyrande nettsida gjere det mogeleg for lærarar og elevar å utveksle erfaringar med kvarandre, gje og motta tips samt tilpasse undervisninga til dagsaktuelle tema.

Grafisk inspirasjon

I arbeidet mitt med å samle inn visuelle, nynorske assosiasjonar frå ulike deler av landet, viser det seg at nynorsken er sterkt forankra i den norske tradisjonen. Bunadar, rosemåling, natur, dyr og tradisjonell mat var det gjennomgåande bildemateriale. I profilen for pakka brukar eg desse assosiasjone i ei meir fortolkande form. Eg ynskjer å skape ein nærleik til språket ved å nytta eit leikande, illustrativt og personleg uttrykk.

Vi har plass til to språk

Gjennom arbeidet med undersøkinga til denne oppgåva, er eg blitt meir bevisst ideologien bak nynorsken. Den demokratiske tanken bak å finne eit eins, norsk skriftsspråk, bygd på talemålet, appellerer til meg. At bokmålet er bygd på dansk, og at nokon gjerne meiner at det er uekte norsk, er eg alikevel ueinig i. Bokmål er norsk og nynorsk er norsk. Eg meiner at me har plass til både nynorsk og bokmål her i landet.

Bilder frå arbeidet og utstillinga