Den gløymde krigen. Nyheitsdekkinga av DR Kongo
Lesetid: 2 minutterAfrikas fyrste verdskrig er ei nemning ofte lagt på krigen i den demokratiske republikken Kongo (DR Kongo). Krigen har opphav i folkemordet i Rwanda i 1994. Seint på 90-talet var fleire afrikanske land involvert og over 5 millionar menneske har mista livet som følgje av krigen sidan då. Barnesoldatar er utbredt og fleire hundre tusen kvinner, i alle aldrar, er offer for seksualisert vald, eit mykje brukt våpen i krigen. I følgje Flyktninghjelpen var det i 2009 1,4 millionar internt fordrivne i landet.
Låg mediedekking
Krigen i DR Kongo kan seiast å vere ein av dei verste verda har sett etter andre verdskrig. Paradoksalt nok, er konflikten også kalla ”den gløymde krigen”, ei nemning som refererer til den låge mediedekkinga av krigen. I 2008 var den humanitære krisa i DR Kongo på organisasjonen Leger Uten Grenser si liste over forsømte nyheiter for tiande gong. Nyheitsinnslaga om krigen er altså sporadiske og fragmenterte, trass i at det motsette burde vere tilfellet. Bakgrunnen for denne oppgåva er mi undring over den manglande mediedekkinga av den brutale krigen, og kva faktorar som medverkar til at nokre hendingar vert nyheiter og andre ikkje.
Utanriksnyheiter si rolle
Oppgåva sin relevans ligg i at utanriksnyheiter kan vere med på å styrke demokratiske prosessar og bidra til konfliktløysing og fred. Utanriksnyheiter er meint å oppmuntre til bevisstheit og openheit om ulike tema og dei hendingane ein får høyre om kan skape debatt. Publisitet rundt konfliktar kan resultere i omfattande folkeaksjonar, som kan føre til at det internasjonale samfunnet reagerer og sett i gong tiltak for å løyse konfliktane. Medieomtale kan altså skape engasjement som bidreg til konfliktløysing og fred.
Problemstillingane i oppgåva er:
- Korleis forklarar norske journalistar at konflikten i DR Kongo ikkje er ei prioritert nyheit?
- Korleis forklarar medieforskarar at ei hending blir ei utanriksnyheit?
- Har journalistar og medieforskarar same forklaringane?
Krigen i DR Kongo blussa opp i 2008. Norske media dekka desse krigshandlingane, og i samanheng med rapportar om krigen gav også nokre journalistar sine grunnar til at dekkinga av krigen kan kallast sporadisk. Medie- og nyheitsforsking har generert ulike teoriar om kva som gjer at ei hending kvalifiserar som nyheit, og kva faktorar som påverkar nyheitsbiletet. Samtidig set desse òg lys på diskvalifikasjon av hendingar som ikkje er nyheitsverdige.
Ved å drøfte og samanlikne dei journalistiske og dei teoretiske forklaringane, finne eg i stor grad konsensus mellom praktikarar og medieforskarar.
Dei skil seg likevel på eit sentralt punkt:
Medieforskarane hevdar at nyheitsinstitusjonen sine føresetnader og krav er avgjerande for nyheitsbiletet, og at nyheitsproduksjon er ein kollektiv prosess, påverka av inkorporerte rutinar. Journalistane tek ikkje omsyn til dette, og reflekterar ikkje over dei strukturelle vilkåra dei arbeider innanfor.