Lingvistikkstudent søkjer språk

Amazonas,Brasil (Foto:Francisco Chaves)

Amazonas (Foto: Francisco Chaves)

I skrivande stund er eg i São Paulo, den største byen i Brasil. Med nokre av verdas mest særeigne språk, er Brasil eit eldorado for eventyrlystne lingvistikkstudentar.

Med eit par hundre utryddingstruga språk, langt vekke frå storbyen, ligg alt til rette for lingvistisk feltarbeid av den gode, gamle typen. Det er berre å utstyra seg sjølv med bandopptakar og notisblokk, og finna seg eit språk.

Svolten på eventyr

Allereie før eg byrja på mastergraden, tørsta eg etter å dra ut i felten. Så då eg følte behovet for å reisa ut eit semester måtte det bli Brasil. Eg hadde på førehand rådført meg med dei mest erfarne felt-fararane på instituttet om moglegheitene for feltarbeid som del av masteroppgåva. «Er det vanskeleg å gjennomføra? Kva bør eg tenkja på? Eg har studert portugisisk, kan Brasil vera ein idé?»

Spørsmåla blei møtt med engasjerande oppmuntring og oppmuntrande engasjement og tilbod om framtidig rettleiing, men det var ingen tvil om at det var smart å byrja å tenkja på det så tidleg som mogleg. Eg visste allereie kva eg ville skriva om, det vil seia «kva del av grammatikken», eg trong berre eit språk.

Og feltarbeid blir det. Rett nok ikkje innst i ei side-elv av Amazonas, slik eg fyrst hadde sett føre meg. Det blir i og rundt den mellomstore byen Oslo, i Noreg. Av og til får ein tilbod ein veit ein kjem til å angra på om ein avslår, særleg når tilbodet inneber å skriva masteroppgåve som del av eit prosjekt for å kartleggja korleis norske born lærer seg språk. Ikkje veldig eksotisk, men minst like interessant.

Treng born og foreldre

Når ein skal forska på barnespråk må ein gjera som med all annan forskning: observera. Om ein skal kunna seia noko generelt om barnespråk, slik eg vil, bør ein helst observera mykje av det. Og om ein ikkje har mykje barnespråk liggjande, må ein ut og samla det.

Ut i felten, med bandopptakar og notisblokk, og finna seg nokre born.

No hadde det vore veldig greitt om ein berre kunne setja av ettermiddagen til å ta opptak av dei fyrste og beste borna ein fann slengande rundt. Det er to grunnar til at det ikkje går.

For det fyrste så sleng born som regel ikkje rundt. For det andre, og mykje viktigare, må ein ha samtykke for å forska på dei.

"Kan du snakka litt for meg?" Graffiti, São Paulo (Foto: Bror Strand)

“Kan du snakka litt for meg?” Vila Madalena, São Paulo (Foto: Bror Strand)

Sidan born er mindreårige og ikkje kan gje samtykke til noko som helst, må dei naudsynte samtykka hentast frå føresette. Det er altså ikkje born eg treng, det er foreldre.

Eg har fram til juni på å finna 28 foreldre med born mellom ni månader og fem år på austlandsområdet, jamt fordelte mellom kjønn og sju alderstrinn, og der både mor og far har norsk som morsmål. At eg for augneblinken er på utveksling i São Paulo, gjer det heller ikkje lettare.

Då er det flaks at eg ikkje er åleine: I tillegg til professorane og forskningsassistenten, er me to masterstudentar som er del av prosjektet.

Resultatet er allereie klart

Enno har eg ikkje så mykje som ein arbeidstittel for oppgåva mi, men eg veit veldig godt kva sluttresultatet skal vera. Prosjektet som heilskap skal resultera i eit skjema med ulike alderstrinn, og kva grammatiske strukturar ein kan rekna med at born har lært seg på kvart av dei. Og kva skal det vera godt for?

Skjemaet kan hjelpa logopedar å stilla rett diagnose på born med språkvanskar, slik at dei kan få rett oppfølging så raskt som mogleg. Born med språkvanskar får ofte lese- og skrivevanskar i skulealder og kan ha problem med å sosialisera med jamnaldrande. Samstundes syner forskning at logopedoppfølging har ein effekt, som igjen kan fjerna eller minska konsekvensane.

Mitt bidrag er dei eldste alderstrinna. Morten, den andre masterstudenten på prosjektet, har ansvar for dei yngste.

For å oppsummera er det mykje som gjennstår: Eg må koma opp med ei problemstilling til oppgåva og me må jakta ned dei siste informantane og finna ein måte å få dei til å snakka.

Deretter må me transkribera opptaka før me kan byrja å analysera. Eg ser fram til å setja i gang og til å syna fram dei skattane eg håper gøymer seg i det relativt store barnespråsksmaterialet me kjem til å samla inn. Språktileigning er absurd spanande – eg skal forklara kvifor seinare – så får heller «argumentstrukturen i amazonisk språk X» venta til ein annan gong.