Vatn – livskrafta til byane

Eit av FNs milleniummål: Å halvera den delen av befolkninga som er utan tilgjenge til trygt drikkevatn og grunnleggjande sanitærsystem innan år 2015. Går det rette vegen? FNs statusrapport ”The Millennium Development Goals Report 2010″ teiknar eit postivt bilete. Men stemmer det?

22. mars er FNs  internasjonale dag for vann. Nils Roar Sælthun er instituttleder for geofag ved Universitetet i Oslo. Her gir han oss eit nærmare innblikk i korleis det eigentleg står til med milleniumsmålet.

Folketalet på jorda veks snøgt – sidan år 2000 har vi vorte ein milliard fleire. Den største veksten er i byane. Til dømes har folketalet i Kenya vokse med 10 millionar, 30% sidan 2000, medan Nairobi har vokse med 50%. På verdsbasis bur det no fleire menneske i byane enn på landsbygda. Dette er ein naturleg utvikling – folk flyttar til byen fordi det er der jobbane og mogelegheitene er. Med folkevandringa til byane fylgjer utfordringane, og det skal vere godt organiserte samfunn for å rå med denne snøgge folkeauken og endringen av busetnadstrukturen. Dei fattige landa har den største folkeauken og dei dårlegaste føresetnadane for å handtere den.

Folkeauken fører med seg auka press på vatnressursane og det er to hovudutfordringar – den eine er at matproduksjone må aukast, og dette krev meir irrigasjon. Den andre hovedutfordringa er å forsyne den veksande bybusetnaden med nok vatn og reint vatn, og med fungerande sanitærsystem.

Situasjonen i utviklingslanda er i dag at auken i bybusetnaden skjer i dårleg organiserte slumområde, med vasspostar som tilbod om hushaldningsvatn, og spreidde latriner og åpen kloakk som sanitærsystem. Det er ikkje uvanleg i utviklingslanda at halvparten av folketalet er busett i slumområder.

Den dårleg organiserte vassforsyninga gjev sviktande helsetilhøve og livskvalitet, og gjev dårlege tilhøve for lokal for utvikling, småindustri og handel. Paradoksalt nok gjev også dei dårlege eller manglande løysingane på vassforsyninga dyrt vatn for dei som er dårlegast stilt – mange i slumområda er avhengige av å kjøpe dyrt hushaldningsvatn på dunkar, medan dei betre stelte i dei organisert bydelane nyt godt av subsidiert organisert vassforsyning.

I 2000 lanserte FN Milleniummåla – Millenium Development Goals. Mål 7c er: Innan år 2015 å halvere den delen av befolkninga som er utan tilgjenge til trygt drikkevatn og grunnleggande sanitærsystem.

Det kan verke som ambisiøse mål, særleg når ein tenker på den snøgge folkeauken. Går det rette vegen? FNs statusrapport ”The Millennium Development Goals Report 2010” teiknar forsåvidt eit positivt bilete når det gjeld vassforsyning. Nå er rettnok utgangspunktet for denne rapporten 1990, og ikkje 2000, men i fylgje rapporten så har nå (i 2008) 87% av verdas menneske tilgjenge til ”water from an improved source”, som det heiter seg, mot 77% i 1990. 13% manglar altså tilgjenge, mot 23% i 1990. For utviklingslanda er tala 84% mot 71% i 1990, og konklusjonen til rapporten er at verda er i rute med å nå dette målet.

Ser ein bakom tala er biltetet meir nyansert. I Afrika sør for Sahara er tala 60% mot 41%, så her vil ein truleg ikkje klare å nå målet, og i Oseania 50% mot 51%, så her går utviklinga feil veg. I 12 av landa det finst statistikk for er dekninga under 50%, her finn vi store land som Nigeria og Mosambik, og heilt på botnen Afganistan med 22% (Encyclopedia of the nations). Så dersom ein skal tolke Milleniummåla slik at alle verdens land skal nå målet, er det langt att.

I denne samanhangen er det også interessant å sjå på kva som ligg i omgrepet ”improved water source”. I UNICEF og WHOs Joint Monitoring Program har nett gjeve ut rapporten “Progress on sanitation and drinking water 2010”. Her definerer ein minimumskravet som ”Public taps or standpipes, tube wells or boreholes, protected dug wells, protected springs or rainwater collection”. Tilgjenge er definert som tilgang på minst 20 liter vatn i døgnet innan ein kilometer frå heimen. Kvalitet er ikkje handsama på annan måte enn at kjelda skal vere verna frå direkte tilførsel av ureining. Ein kan fundere over kor mange i den utvikla delen av verda som ville sjå seg nøgd med eit slikt tilgjenge på hushaldningsvatn!

Joint Monitoring Program innser at det er naudsynt med ein meir nyansert klassifisering, og har difor innført ein ”vatnstige”, der neste trinn er vassforsyning gjennom røyr og med kran inne i huset. Statistikk frå programmet tek nå også med kor mange som er forsynt på dette nivået.

Kva med den andre delen av mål 7c – tilgjenge til forbetra sanitærsystem? Om det er framgang, rettnok varierande, når det gjeld vassforsyning, så er stoda verre på dette feltet. Kravet her er utgravd latrine med golv og benk. Under halvparten av innbuarane i utviklingslanda har tilgang til slik luksus. Over ein milliard er nøydd til å nytte ”open defecation” som det heiter i offisiell FN-språkbruk. I praksis tyder det næraste busk eller bekk. Det er betre dekning med forbetra sanitærsystem i byane enn på landsbygda, men likevel er for eksempel over halvparten av bybefolkningen i Afrika sør for Sahara utan slike tenester.

Konsekvensane av å ikkje ha organiserte sanitærsystem er som ein kan tenke seg endå meir alvorlege i tettbudde byområder enn på landsbygda. Konklusjonen i The Millennium Development Goals Report 2010 er kortfatta: Med halvparten av befolkningen i utviklingslanda utan tilgjenge til akseptabelt sanitærsystem er 2015-målet utanfor rekkevidde.

Ein kan filosofere over kvifor dette er så vanskeleg. Krava til forbetra tenester, enten det nå gjeld vassforsyning eller sanitærsystem, er låge, og kostnadene med å få dei på plass og halde dei ved like er overkomlege. Nytteverdien, enten ein nå reknar i helse eller økonomisk utvikling er svært stor, og investeringar i slike system har heilt sikker stor avkastning i ein sosialøkonomisk samanheng. Når det likevel går sakte framover skuldast det nok ei tett sammenkobling og negativ samverknad mellom fattigdom, lågt utdanningsnivå og politiske kulturar med liten omtanke for dei små i samfunnet. Det er vonde sirklar her som det er vanskeleg å bryte ut av, og som det i mange land er liten politisk vilje til å gjere noko med.