Det tunge språket. Eller: Leve likesæla!

Det kan vere slitsamt å skrive på nynorsk. Men det kan verte mykje morosamt av det òg.

Substantivet «nynorsk» er nemninga for eit skriftspråk. Adjektivet «nynorsk» er nemninga for noko som er skrive på dette språket. Eigentleg tyder ikkje dei to orda noko meir enn det – men diskusjonen om desse to omgrepa har resultert i eit nokså tungt språk, nokre smått irriterte forfattarar, eit eige masterprogram – og nokre av dei artigaste tekstane eg har lese.

Aktive val og argumentasjon

Juridisk er nynorsk og bokmål to likestilte målformer, men i praksis er nynorsk likevel eit minoritetsspråk. Bokmålet er den nøytrale og automatiske norma, det ein ikkje treng å tenkje over, medan nynorsken er eit språk som må veljast aktivt. Det at me har to språk i Noreg, er eit resultat av at nynorsken aktivt vert vald, både av dei som skriv det og på politisk systemnivå, faktisk og symbolsk. Når eit einskildmenneske begynner på ein ny skule eller i ein ny jobb må ho velje nynorsken, nynorsken må veljast i partia sine program, han må veljast av redaktørane i avisene. For bokmålet er der som alternativ; det at me har to skriftspråk gjer at einskildmennesket kan slutte å skrive nynorsk, og samfunnet som heilskap kan slutte med å velje at nynorsken framleis skal finnast.

Inger Størseth Haarr leverte masteroppgåva “Dei nynorske blikka” i allmenn litteraturvitskap i 2010. Oppgåva tok føre seg tekstar av fire ulike nynorske forfattarar, og såg på kva strategiar dei brukte i diskusjonen om nynorsk.

Dermed må nynorsken argumenterast for. Ein nynorskbrukar må vere budd på at nokon spør henne om kvifor ho har vald dette språket. Derfor må ho vite kva det er med dette språket som gjer at me ikkje berre skal leggje det ned. Ho må vite noko om ting som språkleg identitet, den store tydinga den nynorske litteraturen har hatt, kor viktig det er med perifer motmakt mot eliten i sentrum. Dei politiske partia skriv i programma sine om norsk kulturarv og dei positive verknadene det å vere fleirspråkleg har på læring, og målrørsla sine representantar trykkjer sine kronikkar i avisene. Ivar Aasen-instituttet for nynorsk skriftkultur i Volda, som sidan 2002 har hatt eit masterstudium i nynorsk skriftkultur, er det førebels mest institusjonaliserte dømet på debatten om det nynorske skriftspråket. All denne diskusjonen gjer at nynorsken får ein bagasje av tradisjon, av kultur, av historie, av gode argument for seg sjølv.

Tydeleg markert

Stephen J. Walton, engelskmannen som er den første og til no einaste professoren i nynorsk skriftkultur, skriv at nynorsken “er for tydeleg markert”. Han “lid generelt av ei stor metaspråkleg tyngd. (…) det er derfor nynorsknormalen enno ikkje er ‘normal'” seier Walton i artikkelen “Sex and rock’n’roll, but probably not many drugs: Nynorsk skriftkultur”. Denne metaspråklege tyngda er ei følgje av minoritetsstatusen til nynorsken – det nynorske skriftspråket vert kopla til den stadige diskusjonen om og argumenteringa for og mot nynorsk. Det er som om “imaget” til nynorsken er vanskeleg å skilje frå den einskilde nynorske teksten.

Tungt

Så korleis skrive på eit språk med ein bagasje? Gunnhild Øyehaug og Olaug Nilssen er to profilerte nynorskbrukarar som har nytta ulike strategiar for korleis dei skal stille seg til det at språket deira er så “tydeleg markert”. På den eine sida er dei leie av at det faktum at dei skriv nynorsk i det heile er eit tema: “Eg vil kunne bruke nynorsk utan å stadig måtte setje spørjeteikn ved verdien og nytta av det”, skriv Nilssen i essayet “Personleg nynorskbrukande kvinne”. Då Gunnhild Øyehaug vart sendt til Nynorsk kultursentrum i Hovdebygda, på oppdrag frå Syn og Segn, for å skildre staden med eit “nynorsk, kvinneleg blikk, uttrykker ho noko av det same: “Det er kanskje ingen vits i å late som om eg ikkje er litt sett ut av premissane for dette essayet, eller over at desse premissane i det heile kan bli sette”. Kan hende er det ikkje tilfeldig at vår einaste professor i nynorsk skriftkultur ikkje er oppvaksen med nynorsk: For dei som har nynorsk som “morsmål” vert det kanskje for personleg å ha som leveveg å skulle argumentere for sitt eige språk.

I essayet “Ung hand, gamal penn. Ei reisedagbok” skriv Gunnhild Øyehaug om det tyngande ved den store nynorske tradisjonen. Ho kjenner det som om ho “ber eit drog av ein kropp språk over [si] indre skulder”, og ho lurer på om det er tradisjonen som gjev språket denne tyngda, “konglomeratet av nynorske stemmer, summen av daude, nynorske kroppar i myra som årets nye nynorske molteblomar syg til seg og knoppast av?”.

..men òg lett

Øyehaug og Nilssen kjenner på det tunge ved nynorsken og alt som heng fast i den, men i tillegg til teoretisk og praktisk å diskutere korleis det nynorske skriftspråket påverkar litteraturen dei skriv, gjer dei i praksis språket lettare: dei brukar det tunge nynorske skriftspråket til å gjere den store nynorskdiskusjonen lett, morosam, sprudlande. Gjennom ironi og overdriving – men òg kunnskap om og kjærleik til tradisjonen, språket, litteraturen – syner dei fram det tunge ved nynorsken på ein måte som let dei få sagt det dei meiner i ein diskusjon dei ikkje eigentleg vil ta del i. I 2004 publiserte Nilssen ei truvedkjenning for «innbitt likegyldige nynorskbrukarar» på bloggen sin Eit eige rom med utsikt (som diverre ikkje finst lenger):

VI TRUR PÅ TO LIKESTILTE MÅLFORMER I NORGE.
VI TRUR AT DET SOM STÅR I LOV, ER GJELDANDE SAME KVA OSLOPOLITIKARAR MÅTTE MEINE.
VI TRUR AT VI KAN SKRIVE VÅR NYNORSK UTAN Å MÅTTE STÅ TIL RETTE FOR DET ELLER FORKLARE OSS, VERKEN FOR BOKMÅL- ELLER NYNORSKFOLK.
VI TRUR PÅ EIT NYNORSK BRUKSSPRÅK.
EI ALMINNELEG IKKJE-EKSOTISK MÅLFORM
EIT SAMFUNN FOR DEI VANLEGE
FORLATING FOR BOKMÅLSORDA SOM HAR SNIKE SEG INN OG EIT EVIG NYNORSKLIV AMEN

Nilssen insisterer her på likesæla, på å sleppe å diskutere, på å kunne bruke det nynorske språket utan at det skal vere noko spesielt ved det. Det går sjølvsagd ikkje an: ein er ikkje likesæl når ein insisterer i CAPS LOCK i form av ei truvedkjenning. Dette er ei politisk likesæle: denne typen sjølvmotseiingar gjer det mogleg for Nilssen å både få fram det ho meiner, og samtidig ironisere over det nynorske og seie at ho irriterer seg over det å måtte ta del i ein slik diskusjon.

Eit evig nynorskliv

Gunnhild Øyehaug (foto: Rolf. M.Aagard / Kolon forlag) og Olaug Nilssen (foto: Lars Myhren Holand / Samlaget)

«Vi trur på eit evig nynorskliv», skriv Olaug Nilssen. Eit evig nynorskliv er kanskje det som kunne fjerna tyngda, bagasjen, den stadige diskusjonen om nynorsken sine kvalitetar.

På den andre sida kjem det fram overalt at Nilssen og Øyehaug er glade i skriftspråket sitt, dei er heilt tydeleg glade i å tulle med den nynorske bagasjen, dei leiker seg med det sjølvmedvitne, med klisjeane og dei alvorlege tankane. Det er vanskeleg å sjå føre seg korleis forfattarskapa til Gunnhild Øyehaug og Olaug Nilssen, og mange andre, ville ha vore dersom eit evig likesælt nynorskliv var garantert.

Sjølv om det kan kjennast tungt, er eit sjølvmedvite språk kanskje ikkje den verste posisjonen å skrive ut frå. Øyehaug og Nilssen stør seg på det som har kome ut av diskusjonen om nynorsken, og det kan vere ein posisjon som er både trygg og sugande. I «Ung hand, gamal penn» koplar Øyehaug tyngda i språket saman med ei kjensle av heim: “Kjensla av heim, umogleg å definere, men som er der, ein eller annan stad, som dreg ein til seg, som kan kvele ein, som slepp ein laus. Ut dit der alt og ingenting er umogleg”.

Tradisjonen er tung å bere, men han gjev samstundes næring til nye stemmar, nye molteblomar. Det er ikkje særskilt for nynorsken.

 

Siterte tekstar:

“Love has led me here” – Syn og Segn 02/2003
Olaug Nilssen – Hybrideleg sjølvgransking (2005)
Gunnhild Øyehaug – “Ung hand, gamal penn. Ei reisedagbok” (Eit ord – ein stein. Studiar i nynorsk skriftliv. Red. Pål Bjørby, Alvhild Dvergsdal, Asbjørn Aarseth. 2000)