«Jeg lese denne» – om barnespråk og verbbøying

Lesetid: 7 minutter

Er det slik at barn berre hermar etter dei vaksne når dei skal læra å snakka, eller er delar av språket medfødt?

Små ungar på kring to år seier ofte ting som «jeg lese denne» og «den ikke være der». Det gjer dei ikkje fordi grammatikken deira manglar noko. Dette var i alle fall det svaret eg kom fram til i masteroppgåva mi.

Ein av informantane som dannar datagrunnlaget for oppgåva har fått kallenamnet «Lucas». Grunnen til at eg vil trekka fram Lucas, er at det blir illustrert nokre viktige punkt for å forstå grunnlaget for arbeidet mitt.

Syntaks er læren om kordan setninger er konstruert. Sentrale emner i syntaksen er setningsleddenes oppbygning og funksjon, ordstillingen, markering av relasjoner mellom setningsledd, setningers struktur og hvordan visse setningstyper kan avledes av andre, f.eks. passivsetninger av aktivsetninger. (Store Norske Leksikon.)

Lucas

Lucas var to år og fire månader då opptaket hos han blei gjort. I opptaket sit han på golvet og leiker med ein puttekasse. Ein slik der ein skal matcha ein stjernekloss med eit stjernehol eller ein rund kloss med eit rundt hol. Lucas får det ikkje til. Han skjønar ikkje at den kvadratiske klossen skal i det kvadratiske holet.

Det Lucas derimot får til utan problem, er å snakka. Han snakkar ikkje perfekt og språket hans høyrest ikkje ut som språket til ein vaksen. Men når ein veit kor vanskeleg det er for Lucas å setja rett kloss i rett hol i puttekassen, blir språket hans særs sofistikert i forhold.

Morfologi er den gren av språkvitenskapen som studerer hvordan ord er bygd opp av mindre elementer, både i ordbøyning og orddanning. Dette i motsetning til fonologien – lydlæren – og syntaksen – setningslæren. Brukes også om formstrukturen selv. Jf. morfem. (Store Norske Leksikon)

«Den passej ikke dej», seier han, om ei brikke som me vaksne kan sjå passar perfekt i nett det holet.

For Lucas klarer å setja dei språklege byggjeklossane – orda – inn i rett hol i den språklege puttekassa – setninga. Og det i setningar som ikkje er like målspråket. Sjå på døma under, ytra av Lucas:

“ikke gjøre det Morten”
“ikke se på bukke bruse” (jeg vil ikke se på bukkene bruse)

Dette ser ikkje ut som ytringar frå ein vaksen, men likevel ber dei vitne om at Lucas har kjennskap til korleis norsk fungerer. Legg merke til plasseringa av ikke i forhold til verbet. Sjå no på setninga me hadde i stad: «den passer ikke der»

Kva er det å leggja merke til her? Jau, Lucas har konsekvent ikke etter verbet når verbet er finitt – som i presensforma (ser, passer, gjør) – og omvendt, altså ikke før verbet, når verbet er ein infinitiv (å se, å passe, å gjøre).

Lucas seier aldri ting som «gjøre ikke det Morten». Faktisk er det ingen av informantane våre som seier slikt. Jamvel om Lucas og dei andre informantane sitt språk ikkje er heilt likt vaksenspråket enno, viser dette at dei har lært seg at det har noko å seia for ordrekkjefølgja om verbet er finitt eller ikkje.

Dette gjer han nemleg akkurat som i vaksenspråket: i hovudsetningar kjem ikke etter verb i presens, og før verb i infinitiv: «jeg vil ikke gjøre det».

Det er ikkje kun snakk om herming

Dersom språket konsekvent hadde vore slik som i regelen over, hadde den vakne lesaren føreslått at ungane berre hermar etter dei vaksne. Det er ikkje gitt kvifor dette skulle vera lettare enn å putta rett kloss i rett hol i puttekassen, men la oss for argumentet sin del anta at det ikkje er vanskelegare.

Generativ grammatikk er en språkvitenskapelig teori som ble utviklet av den amerikanske lingvisten Noam Chomsky. Mens den tradisjonelle språkvitenskapen i sin grammatiske analyse la hovedvekten på å klassifisere og analysere tekster, hevder Chomsky at grammatikk først og fremst er en psykologisk realitet hos mennesket, og at lingvistikken kan sees som en gren av kognitiv psykologi. (Store Norske Leksikon)

Likevel kan det ikkje vera så enkelt. I underordna setningar kjem ikkje ikkje før verbet, men etter – berre sjå i førre avsnitt (“…at det ikkje er vanskelegare”)! Om Lucas berre hadde herma etter den rekkjefølgja orda kom i hadde han ikkje snakka slik han snakkar.

I masteroppgåva mi la eg til grunn at grunnleggjande komponentar av språket er medfødde. Dette er eit teoretisk standpunkt, som sjølvsagt ikkje kviler på einskilde observasjonar som den me har gjort av Lucas her.

Ei viktig grein av lingvistikken – den generative grammatikken – byggjer på dei same grunnantakingane. Ein skal ikkje leita lenge etter både teoretiske og empiriske argument for dette synet, men dette krev meir plass enn det eg har til rådvelde her.

Rot-infinitivar

Så til masteroppgåva mi. Eg skreiv om den typen setningar me såg i døma over, der hovudverbet er ein infinitiv. Dette blir kalla rotinfinitivar. Spørsmålet eg har prøvd å besvara, er korleis ein skal forstå og analysera desse særskilde setningane.

Ei nærliggjande forklaring kan vera at det er noko med morfologien – altså ordlaginga – som manglar. Til dømes at dei ikkje klarer å setja inn presens-r, slik at graver blir grave, sitter blir sitte:

“ikke sitte denne” (Benedikte 2;1)

Me veit jo at barn – og vaksne for den del – har ein tendens til å utelata denne r-en i slutten av ord. Som me ser av det følgjande døma kan dette ikkje vera tilfellet. Der er verba være og gjøre er brukte, og presens av være og gjøre er som kjent er og gjør. Fråværet av presens-r-en vil dermed ikkje gje infinitivsformene.

“være her” (William 2;5)
“jeg gjøre” (Lucas 2;4)

Ei anna forklaring kan vera at dei har blanda dei finitte og infinitive formane. Dei veit kva dei vil seia, men dei hentar feil form av verbet frå det mentale leksikonet.

Dette kan heller ikkje vera tilfellet. Det ville ikkje kunna forklara plasseringa av verbet i forhold til nektingsadverbet ikke, slik me såg over. I tillegg er det slik at rot-infinitivar stort sett blir nytta modalt – dei uttrykkjer eit ønske eller forplikting til å gjera noko (eller å ikkje gjera noko, i motsette tilfelle). Dette kjem tydeleg fram i følgjande døme.

Magnus (2;3): jeg lese denne lese

Forskar: skal du lese eller skal pappa lese eller …
Magnus: ja Magnus lese
Far: skal Magnus lese ?
Forskar: ja
Magnus: ja
Mor: liker du kjeks eller, Benedikte?
Benedikte (2;1): spise kjeks nå
Mor: nei vi har ikke mer kjeks

Funna peikar på noko meir grunnleggjande

Me må altså konkludera med at problemet korkje er fonologisk eller morfologisk, men mykje meir grunnleggjande.  Det heng saman med sjølve setningsoppbygginga – syntaksen – og korleis det igjen påverkar morfologien.

Denne konklusjonen er slett ikkje ny. Rotinfinitivar har blitt beskrive mellom anna i fransk, tysk, nederlandsk, islandsk, færøyisk, svensk og dansk, og dataa seier stort sett dei same. Det infinitive verbet plasserer seg i forhold til nektingsadverb som i vaksenspråket, og det blir oftast nytta med ei modal tyding.

I tillegg har dei andre kjenneteikn tverrspråkleg, som at dei sjeldan blir nytta i spørsmål med kv-ord (som kva, kven og kor) og at dei ofte førekjem utan uttrykt subjekt. I masteroppgåva går eg nærare inn på kvar av desse andre kjenneteikna også.

Korleis skal ein best forklara rotinfinitiven teoretisk?

Det finst ei rekke analysar av rotinfinitiven i litteraturen. Ofte tar desse utgangspunkt i at språkevna til ungane ikkje er ferdig utvikla, eller at det er eit uhøyrbart element til stades i språket deira.

I alle desse analysane blir språket til ungane sett på som vesentleg annleis enn enn språket til vaksne. Eg meiner at det ikkje er naudsynt, fordi vaksenspråket har ein setningstype som er identisk med rot-infinitiven på vesentlege punkt. Sjå det følgjande dømet.

Gjømme seg inni der!

Denne ytringa er frå ein far som prøvde å få sonen sin til å gøyma seg inni vaskemaskina då eg var på besøk og gjorde opptak. Denne typen setningar – preskriptive infinitvar – er vanlege når foreldre snakkar til ungane sine. Til liks med rot-infinitivane er hovudverbet ein infinitiv og dei uttrykker eit ønskje om eller forplikting om å (ikkje) gjera noko.

Nektingsadverbet ikke kjem alltid foran verbet (ikke gjømme seg inni der!). Jamvel om subjektet kan vera uttrykt (Lars gjømme seg inni der!), er det ofte utelate.

I oppgåva mi føreslår eg at rot-infinitiven og den preskriptive infinitiven har same struktur. Det einaste som skiljer dei er talarhandlinga. Rotinfinitiven er indikativ, medan den preskriptive infinitiven er direktiv.

Gje dei litt kred

Om det går an å seia noko generelt som ei oppsummering, må det vera at born avslører å ha ei overraskande utvikla språkevne. Særleg er dette overraskande når ein ser på korleis dei presterer på andre område, til dømes med puttekassar.

Denne kompetansen kjem ikkje berre til syne i det dei seier som er «korrekt» eller slik vaksne snakkar, men vel så mykje i det som i overflata kan sjå ut til å vera feil eller underutvikla.

Som me har sett i diskusjonen over er det snakk om særs fine distinksjonar som born likevel effektivt plukkar opp. Om du spør meg vil eg seia at dette er fordi språkevna til dels er medfødt. Andre språkforskarar vil gjerne hevda noko anna, men den debatten fortener meir plass enn eg kan gje han her.

I tillegg til sjølve verktøyet, har prosjektet har så langt resultert i eit konferanseinnlegg i Halifax, Canada og etter kvart eit bokkapittel.

Det var ikkje eg som gjorde opptaket med Lucas. Me var to, Morten Aase Løver og eg, som skreiv masteroppgåva i same prosjekt. Der samla me inn data for å laga eit diagnostisk verktøy for born med språkvanskar. Morten har på sin side skrive ei oppgåve om tileigning av relativsetningar.

I alle fall: neste gong du møter ein toåring, gje han eller ho litt meir kred då! Dei er stort sett så dumme som dei ser ut, men ikkje når det kjem til språk.

(Red. anm. Ein lengre versjon av denne teksten har vore prenta i Mål og Makt.)