Digitale utfordringar for norsk litteratur

Lesetid: 3 minutter

For mange forfattarar er det sjølvsagt å eksperimentere med og engasjere seg i utforminga av ei tradisjonell bok. Kvifor verkar det så mykje meir uinteressant å sjå på nye, digitale mulegheiter for litteraturen?

«Kva er det meldarane meldar, viss dei berre les ein pdf?» Illustrasjon: Vidar Flak.

«Kva er det meldarane meldar, viss dei berre les ein pdf?» Illustrasjon: Vidar Flak.

Forfattaren Tomas Espedal snakka varmt om mediet bok hos Brenner og bøkene åttande oktober i fjor. For han var kjærleiken til papirboka viktig. Kva er det meldarane meldar, viss dei berre les ein pdf? spør han.

Ja, kva er det? Det verkar ikkje som om det er noko dei fleste forfattarar har lagt så mykje tanke ned i. I masteroppgåva «Motstand mot og vilje til digital publisering» intervjua eg 18 skjønnlitterære forfattarar. Forfattarane skildra ei større distanse til sitt digitale verk enn til papirboka. Dei har i tillegg manglande kunnskap om digitale mulegheiter, og mange avgjersler blir heilt overlate til forlaget.

I ei digital verd er norsk litteratur særleg utsett fordi vi er eit lite språkområde. Det har tidlegare blitt påpeika at norske forlag er treige i utviklinga av gode teknologiske løysingar. Likevel viser undersøkingar at fleire og fleire les digitalt, og ønskjer å få tilgang til litteraturen digitalt. Då burde det vere interessant for forfattaren korleis teksten blir presentert òg til den digitale lesaren.

Den stolte Forfattaren

Mesteparten av forfattarane i undersøkinga har ei avventande haldning til den digitale utviklinga. I prosessen fram mot papirbok er dei med, ser på sideoppsett, framside og skriftstorleik. Mange er engasjert i korleis bøkene deira skal bli sjåande ut. Korleis teksten deira skal møte lesaren, kva type innpakking litteraturen får. Men når det er snakk om digital innpakking, viser forfattarane lita interesse.

Fleire forfattarar var ikkje klar over at boka deira òg var gitt ut som ebok. Illustrasjon: Joan M. Mas / Flickr Creative Commons.

Fleire forfattarar var ikkje klar over at boka deira òg var gitt ut som ebok. Illustrasjon: Joan M. Mas / Flickr Creative Commons.

Ein viktig grunn er synet på kva ein forfattar skal vere. Mange tenkte på Forfattaren som ein som ikkje bryr seg om noko anna enn å skrive best muleg. Hos nokre var det nærast ei slags stoltheit over at dei ikkje hadde sett seg inn i problemstillingar knytt til publiseringa av eigne digitale verk. Mellom anna var det fleire som ikkje var klar over at boka deira òg var gitt ut som ebok.

Redaktørar som romanhandverkarar

Det kom fram at òg redaktøren og forlaget var ein grunn til forfattarane si passive haldning. For å kunne fokusere på sjølve skrivinga, ønska forfattarane å ha eit forlag som kunne ta seg av alt det andre: distribusjon, marknadsføring og digital publisering. Då blir det slik at forlaget tar avgjersler for bøkene sitt digitale liv, medan forfattaren kan fokusere på skrivinga.

Ein av forfattarane sa det handla om å vere oppteken av kunst framfor småprat. I kunst treng ein å bli utfordra, meinte fleire, ein treng motstand frå andre romanhandverkarar, som redaktørar. Forfattarane hadde gjerne ein sterk lojalitet knytt til eige redaktør og forlag.

Forlaga står sterkt i Noreg. Det er ikkje som i USA der forfattaren gjerne har ein agent som så går vidare til forlaga og har kommunikasjonen med dei. Ut frå undersøkinga mi, verka det som om forlaga har mulegheit til å halde på posisjonen sin dersom dei held fram med å gi forfattarane det dei ønskjer: gode redaktørar som gir dei motstand og har kapasitet til å bruke tid på heile forfattarskap. Legge sjela si i forfattarskapen, som ein av forfattarane sa det.

Treig ebokutvikling

Det er likevel ei fare med å legge alle avgjerslene over til forlaga. Ein av dei få forfattarane i undersøkinga som var tydeleg positiv til ebøker, meinte forlagsbransjen har gjort «sitt absolutt beste for å forsinke ebokutviklingen». Ein annan av forfattarane hevda at bokbransjen har vist ei imponerande uvilje mot endring og ebøker.

Papirboka treng ikkje å vere truga av eit digitalt alternativ. Foto: Devon Christopher Adams / Flickr Creative Commons.

Papirboka treng ikkje å vere truga av eit digitalt alternativ. Foto: Devon Christopher Adams / Flickr Creative Commons.

I desember 2014 sa trendanalytikar Ståle Økland til NRK at det å ha ei fysisk bok «nesten [er] litt ut». Samstundes trekkjer NRK fram i ein annan artikkel at bøker er det einaste trykte mediet som folk bruker stadig meir. Leserrapporten til Forleggerforeningen viser at 40 prosent av boklesarane er hybridlesarar, dei les altså både på brett og papir. Papirboka treng altså ikkje å vere truga av eit digitalt alternativ.

Digitale mulegheiter

Sjølv er eg òg svært glad i papirboka. Eg set pris på det fysiske og at boka ikkje er endå ein skjerm. Når så mykje av kvardagen handlar om å stire på ein lysande firkant, kan det vere godt å kople seg av verda med ei bok som tar meg inn i si eiga verd.

Men det digitale gir nye mulegheiter for å formidle litteratur, til dømes ved å bruke taktiliteten på touchskjermar eller geoposisjonering på mobile einingar. Dessutan er den digitale litteraturen global. Det er enkelt å skaffe seg bøker på andre språk, og mykje av det digitale føregår på engelsk. Viss yngre lesarar veks opp og opplever at engelske, digitale bøker er billigare og betre, vil det på sikt vere negativt for norsk språk og litteratur.

Om forfattarar engasjerer seg for den litteraturen som blir publisert digitalt, vil det kunne styrke både den digitale og den fysiske litteraturen. Det er forfattarane som sit på råvarene, det er dei som har grunnlaget og kompetansen til å komme med dei gode ideane – og så kan forlaga hjelpe med å utvikle desse vidare. Den digitale litteraturen blir ikkje betre av at forfattarane stiller seg passiv til han.