Sapfo og Louise Labé

Charles Nicolas Rafael Lafond (1774–1835): Sappho sings for Homer,

Charles Nicolas Rafael Lafond (1774–1835): Sappho synger for Homer.

Den greske poeten Sapfo (ca. 650–ca. 550 f.Kr.) har påverka all seinare lyrikk. Louise Labé (1523?–1566) vart presentert som «den nye Sapfo». Men kor tett er eigentleg sambandet mellom dei? Og kva for funksjon har Sapfo i diktverket til Labé?

Den mystiske kvinnelitteraturen

Kvinnelege forfattarar kjenner me til svært få av i den gamle, vestlege litteraturhistoria. Likevel startar heile den vestlege poesien på mange måtar med diktarkvinna Sapfo frå Lesbos. Kjærleiksdikt retta mot andre kvinner er det denne poeten er aller mest kjend for, og sidan ho vart omtala som «den lesbiske diktaren», vart adjektivet «lesbisk» snart eit kallenamn for alle kvinner som likte kvinner.

At ei slik kvinne ikkje kunne ha nokon høg status i den kanoniserte litteraturen, er ikkje overraskande. Såleis veit me veldig lite om livet hennar, medan mange av dikta er forsvunne – dei me framleis har tilgang på, eksisterer ofte berre som holute papyrusfragment.

Historias gang trekkjer frå og legg til

Den menneskelege fantasien elskar fenomen som Sapfo. Omskrivingar og tolkingar av meir eller mindre kreativt slag har funne vegen inn i både biografien og verket hennar. Kjærleiken mellom kvinner har vorte til kjærleik mellom mann og kvinne – og det har florert med forteljingar om kven jentene i dikta til Sapfo var – for kjærastane hennar kunne dei jo ikkje vera!

På 1800-talet, då kostskular var ein alminneleg institusjon i Europa, såg både tyske og engelske filologar føre seg at Sapfo måtte ha vore ein slags lærar for ein liknande type skule i det gamle Hellas. Den som slår opp i ei moderne litteraturhistoriebok, kan godt finna ein versjon av den same historia. Mysteriet Sapfo er altså framleis ei kjelde til kreativitet: me vil ha eit bilete av korleis ho levde, sjølv om folk flest i dag aksepterer at ei kvinne kan skriva kjærleiksdikt til andre kvinner.

Louise Labé

Louise Labé

Stort betre er det ikkje med Louise Labé frå Lyon. Ho gav ut ei einaste diktsamling, Euvres [Verk] i 1555, og ser etter det ut til å ha halde seg borte frå diktinga. Det vesle me veit om henne, verkar meir som folklore enn som fakta. Labé skal ha vore uvanleg vakker, og som dotter av ein reipslagar vart ho kalla «La Belle Cordière» – «den vakre reipslagarkvinna». Ho må ha fått utdanning på eit vis, fordi det ser ut til at ho meistra både gresk, italiensk og latin, men korleis ho fekk skulegang, veit me ingenting om.

Lysta til å forstå kven Labé var, har ført til eit anna førestillingsbilete om henne, som òg lever vidare i dag. Louise Labé vart rekna som «den nye Sapfo». Me kan lett forstå kvifor ei slik samanlikning er rask å gripa til: Det dreier seg om to kvinnelege poetar som båe skreiv inderleg kjærleikslyrikk, og som me har lite sikker kunnskap om. Men kor tett er eigentleg sambandet mellom dei? Og kva for funksjon har Sapfo i diktverket til Labé?

Å «koma til skrifta»

Eg valde å nytta idear frå hermeneutikk og feminisme som ein metode for å forstå kva for moglegheiter Labé kan ha funne i den litterære tradisjonen.

I ein sentral analyse argumenterer amerikanarane Gilbert og Gubar for at kvinner historisk har lidd av ein «angst for forfattarskap». Kvinner våga ikkje skriva, fordi dei ikkje hadde nokon forløparar å knyta seg til.

I feministisk litteraturforsking er såleis omgrepet «den kvinnelitterære subtradisjonen» viktig for å forstå bakgrunnen til dei få kvinnelege forfattarane me likevel kjenner til. Forskarane tolkar kvinnelege forfattarar som deltakarar i ein slags subkultur til den rådande litterære tradisjonen, styrd av menn.

I oppgåva mi har eg difor stødd meg mykje til den fransk-algirske forfattaren og litteraturprofessoren Hélène Cixous. Ved å innføra omgrepa «écriture féminine» [«kvinneskrift»] og «la venue à l’écriture» [«å koma til skrifta»] har ho kritisert den maskuline, samfunnsstyrande Logikken på ein original måte. Ifylgje Cixous er kvinner hindra i å «koma til skrifta», nettopp fordi det er menn som kontrollerer den kreative skapinga.

Løysinga i framstillinga til Cixous er at kvinner skriv kvinneskrift. Mange misforstår denne termen, og trur Cixous vil seia at kvinner skriv på ein spesiell måte fordi dei er kvinner. Meininga er litt anna: Kvinnelege forfattarar må nytta den inspirasjonen dei får frå lesinga, til å elska med teksta. Fyrst når kvinner greier å frigjera seg frå den maskuline tradisjonen, og nyttar leseakta til å «avla» nye verk, vil dei greia å skapa den litteraturen dei vil. Spørsmålet vert såleis: Greier Labé å nytta Sapfo til dette?

Den paradoksale kjærleiken

Sjølv om me i dag har tilgang på eit hundretals små og store fragment etter Sapfo, er det historisk sett få av dei som har vore kjende. Berre fragment 1 og 31, to av dei lengste dikta, var overleverte i den franske renessansen. I masteroppgåva mi valde eg difor å gjera lange lesingar av desse to dikta, men for å gjeva ein breiare presentasjon av den sapfiske lyrikken tok eg likevel med nokre andre tekster.

I dikta til Sapfo er kjærleiken skildra som eit paradoksalt fenomen. Den som er elska, er ei kjelde til stor glede og nyting – men dersom kjærleiken ikkje er gjengjeld, er ingenting vondare.

Sapfo nyttar ei rad ulike teknikkar for å skildra det paradoksale i kjærleiken. I fragment 31, som var det aller mest populære i den franske renessansen, presenterer ho eit trikanttilhøve. Dikt-eget – ei kvinne – ser på ein mann som har det svært så triveleg saman med ei anna kvinne. Det er uklårt om den personen som talar om sine eigne kjensler her, er mest svartsjuk på mannen, eller forelska i den andre kvinna.

I alle fall er det eit arsenal av kjensler og reaksjonar som er skildra her. Eg-personen får ikkje til å tala, ho sveittar, det brenn under huda på henne, øyro susar, ho vert grøn og skjelven. I den overleverte versjonen sluttar diktet brått, med ei versline som minner om det som i renessansepoesien heiter volta, altså ei brå vending. Etter at dikt-eget har sagt at ho er dauden nær, skifter ho stemning og seier «… men alt kan tolast, sidan til og med ein fattig». Tonen i diktet er radikalt endra, men kva eg-personen meiner her, er eit mysterium.

Her ser me fleire motstridande fenomen: Korleis kan eg-personen skildra reaksjonane sine i presens, dersom synet av den ho elskar, gjer henne stum? Kvifor skifter ho så brått tone etter tri strofer med stigande emosjonell intensitet?

Sapfo er ein meister i å skapa ein type poetisk illusjon. Gjennom dikta sine, slik fragment 31 er eit døme på, gjer ho nærverande ei kjensle som er fråverande i den augneblinken diktet er skrive. Ho gjenopplivar så å seia kjærleikens paradoks, og tillèt seg å reflektera over det. Både syntaks, versemål og retoriske figurar er med på å gjera dikta hennar til ikkje berre råkande kjærleiksskildringar, men òg spanande litteratur. Korleis Sapfo utnytta klangane og versemåla då ho i si tid framførde dikta sine munnleg, til lyremusikk, kan me berre freista å førestilla oss.

Det frigjerande i fragmenta

Sjølvmotseiingar og kontrastar finst ikkje berre hjå Sapfo. Me kan òg nytta desse orda for å skildra renessanseestetikken: Renessansepoetane imiterte klassiske forfattarar så mykje dei kunne, samstundes som dei insisterte på å skapa ei individualistisk og nyskapande kulturell strøyming. I tilfellet med Louise Labé er dette mogleg fordi fragmenta skaper rom for å skriva seg inn i ein etablert, men samstundes open, tradisjon.

Louise Labé er nett slik ein sjølvmotseiande – eller paradoksal – diktar, som freistar å finna si eiga, originale røyst samstundes som der finst mange spor av Sapfo i diktverket hennar. Euvres inneheld eit føreord, ein allegorisk prosadialog mellom Kjærleiken og Galskapen, tri elegiar, tjuefire sonettar og, heilt til slutt, tjuefire dikt skrivne av andre poetar, som ein hyllest til «La Belle Cordière». I alle delane av diktverket finst der spor av Sapfo som understrekar den tradisjonsberande og -skapande funksjonen hennar.

Imitasjon skaper fellesskap

Inspirert av den franske teoretikaren Gérard Genette valde eg å kalla desse spora sapfem. Sapfema ovrar seg som allusjonar i både prosadialogen, elegiane, og hyllingsdikta, medan sonettane viser mange teikn på imitasjon.

I terminologien til Genette er imitasjon definert som å overføra eit gamalt emne (her: kjærleik) til ein ny stil (her: Petrarca-sonetten). Labés sonett VIII er eit fint døme på dette. Denne sonetten minner på mange punkt om Sapfos fragment 31, spesielt i den systematiske organiseringa av kjensler i antitetiske par, det vil seia kontrastar. I renessansen var nettopp dette aspektet ved lyrikken hennar det mest kjende, fordi fragment 31 var overlevert i den gamle poetikkavhandlinga Om det opphøgde, som var ei av dei viktigaste kjeldene til antikke tankar om litteratur. I denne avhandlinga skriv ein ukjend forfattar ein entusiastisk kommentar til diktet, om korleis Sapfo får alle dei motstridande kjenslene til å gå saman i ein heilskap.

Som vist ovanfor er poesien til Sapfo mykje meir enn antitesar, men på dette punktet i historia var altså Sapfo kjend som den diktaren som var flinkast til å sameina kontrastar. Dersom Labé skal kunna kallast «den nye Sapfo», er det fordi ho baserer seg på inntrykket renessansen hadde av den greske diktarkvinna, når ho imiterer tekstene hennar.

Men funksjonen Sapfo har i diktverket, kjem klårast fram i periteksta, altså føreordet og hyllingsdikta. I føreordet vender Labé seg til adelskvinna Clémence de Bourges, og argumenterer for at alle kvinner som har høve til det, må ta pennen fatt og dyrka litteratur, kreativitet og kunnskap. Labé skisserer her ein framtidig fellesskap av skrivande kvinner, og påstår at hennar eige diktverk berre er ein filleting samanlikna med det meir lærde kvinner kan visa seg kapable til.

Føreordet kan lesast i samanheng med det fyrste hyllingsdiktet, ein ode på gresk, sannsynlegvis skriven av filologen Henri Estienne. Her vert Labé eksplisitt samanlikna med Sapfo, og oden har til intensjon å forklåra korleis kvinner kan vera forfattarar. «Dersom nokon undrar seg», vert det sagt, «over kvar denne nye diktarkvinna kjem frå, skal dei vita at ho har dei same røynslene med ulukkeleg kjærleik som Sapfo hadde».

Eg må presisera at renessansen er ein av dei periodane der Sapfo ikkje fyrst og fremst er kjend som lesbisk; på 1500-talet er ho meir å rekna som eit emblem på ulukkeleg heterofil kjærleik. Såleis plasserer den greske oden Labé i tradisjonen etter den lærde og originale diktaren Sapfo; den same tradisjonen Labé på audmjukt vis plasserer seg sjølv i, med føreordet.

Louise Labé er framleis noko av eit mysterium; kvar vart det av henne etter at ho gav ut den einaste boka si? Likevel meiner eg at me kan forstå henne betre dersom me les henne i ljos av den greske forløparen hennar. Ho imiterer og alluderer til Sapfo for å rettferdiggjera si eiga gjerning som diktar, og påkallar ein fellesskap av kvinner for å «koma til skrifta» i ein eigen, kvinnelitterær tradisjon.

Ved å utnytta det store tolkingsrommet som finst i dei sapfiske fragmenta greidde Louise Labé å skapa seg ei individuell diktarrøyst, så frigjord frå den maskuline poetikken som ho kunne håpa å vera.

Les hele oppgaven Frigjerande fragment: Ei lesing av Sapfo og Louise Lab (pdf) av Per Esben Svelstad.