Frå ingeniørkunst til fotokunst

Ein travel arbeidsmann treng også utlaup for sine kunstnariske ambisjonar! Ingeniøren Ralph L. Wilson var ein dedikert amatørfotograf og eksperimenterte med kreative verkemiddel i sine fotografi.

I 1909 starta Ralph Lindeqvist Wilson (1872 – 1951) si lange karriere som sjef i Bergen kommune sitt vassverk. I laupet av denne tida utarbeidde han ei rekke nyvinningar som moderniserte Bergen. Eit kjennemerke er til dømes dei grøne brannhydrantane som står rundt om i gatene, som kom på plass i 1913. Utover sine kunnskapar innan teknikk og konstruksjon, var Wilson svært interessert i fotografering. Hos Billedsamlingen ved Universitetsbiblioteket i Bergen ligg delar av samlinga etter Wilson. Denne samlinga vitnar om ein kreativ og prøvande fotograf, som hadde teft for både augneblinksfotografi og veldreidde komposisjonar. Wilson starta å fotografere mot slutten av 1800-talet, og heldt fram med det fram til sin død i 1951.

Bilete frå ei borgarleg tid

Den britiske sosiologen Anthony Giddens har framheva korleis menneskje i den moderne tidsalder tileignar seg eit nytt forhold til tid. Tid og rom vart separert frå kvarandre, noko som førde til at folk strukturerte tida på ein anna måte. Karriere og jobb på ei side, med familie og heim på den andre sida. Såleis kan vi tale om ei offentleg – og ei privat sfære. For borgarskapet leidde den nye tidsdisponeringa til ein strukturert og organisert livsstil, der det vart klåre skiljelinjer mellom dei to sfærane. Karrieren i yrkeslivet var viktig og krevja innsats og utdanning. Fritida som var til overs vart brukt til heim og familie.

Familieliv

Denne tidsoppdelinga kan relaterast til Wilson sin fotograferingshobby. Fotografia som skildrar familieliv utgjer nemleg ein stor del av samlinga. Her finnast til dømes gruppebilete som illustrerar sosial status i form av interiør, klede og posering. Blant familiefotografia kan vi også tilføye fotografi som synar opphald på landstad, båtliv og landskap frå forskjellige stadar rundt Bergen. Utover dei lokale innslaga fotograferte også Wilson flittig på lengre reiser rundt om kring i Noreg. Desse kan tolkast som prov på borgarlege danningsreiser, der målet var å oppleve landet sine fjell og fjordar. Bileta frå den private sfæra inneheld altså eit samansatt materiale, som føregår på dørterskelen til heimen og ut i det store land. Den raude tråden er familie og rekreasjon.

Bergensbilete

I forlenging av dei familiebiografiske fotografia finst dei bileta som kan plasserast i den offentlege sfæra. I Wilson si eiga katalogisering hadde til dømes Bergen ein eigen kategori i sorteringa. Det understrekar at det å fotografere i heimbyen var viktig for han, og det var gjennom motiva av Bergen at Wilson sine fotografi vart samla i arkiva til Bergenskjennaren  og fotografen Gustav Brosing.  Wilson spegla livet i heimbyen gjennom sine fotografi, frå snapshots av gateliv til prospekt teke frå høgdene rundt byen. Han nytta også kameraet i arbeidet sitt, der han til dømes fotograferte demningsprosjekt og kraftstasjonar. Samlinga har mellom anna motiv som syner gjenoppbyggingsarbeidet som Bergen sto ovanfor etter bybrannen i 1916.

Kreative tilnærmingar

Eit fascinerande trekk ved nokre av bileta er rette blyantstrekar som er opptrekte rundt delar av motiva. Etter nærare utforsking av materialet kom det fram fleire bilete som var utsnitt frå andre motiv. Slike utsnitt plasserte Wilson i papirrammer for å gjere eit poeng av presentasjonsforma, gjerne for at andre skulle få sjå dei. Fleire bilete har også likskap til måleri, noko som han mellom anna fekk til ved å manipulere negativa i mørkerom. Røyndomskarakteren i desse fotografia er teken vekk, og resultatet er fotografi som ikkje lenger ”liknar på fotografi”. Dette kan vi sjå døme på i fotografiet av dottera, som føreligg i originalform og i ny form nedanfor.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Utsnitta, dei måleriliknande fotografia og monteringa er kreative døme på at amatørfotografar kunne vere eksperimenterande i hobbyen sin. Kameraklubbar var ein møtestad for amatørfotografar som Wilson, og her vart slike kreative idar utveksla og diskutert. Amatørfotografar som hadde kunstnarlege ambisjonar med fotograferinga si fekk utfalde desse her. Klubbane var også ein stad der medlemmane kunne stille ut bileta sine, og delta i konkurransar. Wilson var aktiv i klubb-miljøet i Bergen i mellomkrigstida, og det finnast prov på at han satt i juryen ved ein konkurranse for amatørfotografar som vart avvikla i 1929.

I kameraklubbane vart det også prøvd ut ulike estetiske tilnærmingar til fotografi. Dei mest konservative medlemmane var tilhengarar av ein type fotografi som skulle likne på målarkunst. Som nemnt var dette ei biletform Wilson var kjend med – det ser vi i fossebiletet ovanfor – men samlinga visar også at han følgde med på nye strømmingar, både i Noreg og elles i verda. På 1930-talet var til dømes fotomiljøa i Tyskland ein stor inspirasjon for nokre av amatørfotografane i Noreg. I Tyskland eksperimenterte fotografane med form og skugge i bileta sine. Fotografiet av målaren ovanfor illustrerar korleis Wilson beherska denne typen fotografering. Om vi samanliknar med fotografiet av fossen, har sistnemnde diffuse konturar og synast uskarpt. Det gjer ikkje fotografiet av mannen i stigen som er klart og har fellestrekk med det vi kallar modernistisk fotografi. I oppgåva mi understrekar eg at bileta ikkje bør tolkast som ei utvikling frå ei fotograferingsform til ei anna. Dei bør heller vurderast som prov på ei eksperimenterande og open innstilling frå fotografen si side.

Utanfor arkiva

Både framkalla fotografi og negativ vart nøye sortert og katalogisert av fotografen. Dei vart merkte med eige nummer og ført opp i ei bok som Wilson delte opp i ei handfull forskjellige sjangrar. Materialet er såleis sprikande og det er ikkje alt som synast forståeleg for oss tilskodarar i møtet med samlinga. Samlinga vitnar om ein fotograf som eksperimenterte med eit medium han har vore svært opptatt av, ved sidan av ei travel karriere. Mengda av negativ og positiv er såpass stor at noko av utfordringa med mi oppgåve var å velje ut nokre kategoriar som kunne undersøkjast nærare. Difor såg eg utanfor arkivkonteksten som samlinga føreligg i, og mine utval vart såleis eit svar på Wilson si eiga katalogisering og sortering.