Pedagogisk arkitektur?

Lesetid: 4 minutter

Ei blanding av kunsthistorie og lærarutdanning gav form til problemstillingane i mi masteroppgåve:

  • Kva rolle spelar dei pedagogiske læringsteoriane i utforminga av det arkitektoniske formspråket?
  • Korleis møter formuttrykket den pedagogiske verksemda i skulen?

Målet med arbeidet var å sette søkelyset på temaet skulearkitektur, og utfordringane kring utforminga av eit skulebygg. Det viser seg at det arkitektoniske formspråket avslører tydelege spor av læringsteoriane som regjerte til ulike tider i  det førre hundreåret. Slik sett kan ein sjå at arkitektur er ein viktig faktor i læreprosessen som kan vere med å støtte undervisningsmetodane i skulen.

Fem skular frå ulike tider

For  å finne svar på dette har eg studert fem ulike skulebygg, lokalisert i Bergen og Stavanger. Dei utvalde verka er:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ein beskriving og analyse  avslører stor variasjonsbredde innan skulebygga, og gjev oss dermed innblikk  i eit utviklingsførelaup som prega 1900 talet. Byggverka hentar sine referansar frå ulike arkitekturhistoriske stiluttrykk som samsvarar med den aktuelle tidsepoken skulane tok form. Rothaugen går overeins med den majestetiske historismen, Landås fyl dei enkle reglane innan funksjonalismen, Loddefjord har referansar til den organsike arkitekturrørsla, Steiner-skulen har antroposofiske arkitektur og den moderne skulen Apeltun representerar mangfald.

Auditorieskule og Laboratorieskule

Framstillinga gjev også ein peikepinne på ei kategorisering av skulebygningane der to grupper utmerkar seg. Formspråket ved Rothaugen og Landås er symmetrisk, enkelt og organisert på ein repeterande måte, noko som karakteriserar bygga innan merkelappen auditorieskule. Denne karakteristikken høver til den formidlande og bokstyrte pedagogikken som vart praktisert ved desse skulane.

I den andre gruppa finn ein eit meir levande, organisk eksteriør og eit variert indre som markerer dei tre andre skulane som laboratorieskular. Eit slikt merke samsvarer med eit barnesentrert pedagogisk lærdomsyn prega av individuell vekst, utforsking og aktivitetsprega undervisning. Svaret på problemstillinga mi er difor at læringsteoriane påverkar utviklinga av skulearkitekturen og kan lesast som synlege spor i arkitekturen.

Frå disiplin til dialog

Utforminga av Rothaugen og Landås viser til ein skulekvardag prega av styring, kontroll, disiplin og tradisjon, noko som også kan karakterisere arkitekturteoriar som historisme og modernisme der reglar og tradisjonar står som sentrale element i framstilinga. Det er tydeleg at skulearkitekturen endra seg i takt med samfunn og pedagogiske svingingar i tida. Etterkvart som dialog, medbestemming og eit ynskje om å tilfredstille brukarens behov dukkar opp som viktige faktorar kan ein sjå at skulane let seg forme etter nye arkitekturprinsipp. Større fridom og ein organisk arkitekturform som høver til det pedagogiske innhaldet let seg påvise i utforminga av Loddefjord, Steiner-skulen og det moderne skulebygget Apeltun. Ein ideologi prega av aktivitet og interesse treng eit formspråk som møter dei nye læringsaktivitetane. Dette kjem til syne i eit levande, komplekst og samansatt formuttrykk som appellerar til barns leik og aktivitet.

Interiøret: Steiner-skulen som inspirasjonskjelde

Historisk sett viser kvart skulebygg ei tilpassa organisering av undervisningslokala som samsvarar med dei framtredande aktivitetane innanfor kvar einskild teori. Formidling i avgrensa tradisjonelle klasserom  tidleg i hundreåret og ei utvikling mot grupperelatert og meir fysisk utfalding som sentrale metodar i opne landskap. Steiner-skulen på si side utmerkar seg med ei anna tilnærming til lærestoffet, og deira metodar og pedagogiske prinsipp vert kommunisert gjennom arkitekturens form. Undervisningslokala er forma og fargesatt alt etter kven og kva aktivitet rommet skal huse. Eit døme på dette er at dei yngste borna har avgrensa rom med varme fargar som skal gje kjensle av tryggleik, medan dei eldre borna oppheld seg i opne større rom med høgreist tak  som i fylje steiner-skulens ideologi støttar intellektet. Eit såpass nært samspel mellom form og innhald er ikkje like synleg i den offentlege skulens historiske arkitekturform. Og tesen om at Steiner-skulen sin arkitektur kommuniserar den pedagogiske ståstaden tydlegare gjennom forma viser seg å stemme.

Mykje tyder også på at Steiner-skulen har vore ei inspirasjonskjelde når det gjeld utforminga av nyare skulebygg. Utviklinga mot ei meir fleksibel romløysing avslører dette, og dei eldre skulane har gjennomgått endringar som middel til å imøtekomme dagens pedagogiske verksemd. Dei arkitektoniske uttrykka som kjem til syne i mi framstilling viser på kvar sin måte eit samspel med det pedagogiske innhaldet, og dei læringsteoriane sett synlege spor i arkitekturens eksteriør og interiør. Dette viser at arkitektur er ein viktig faktor i læreprosessen som kan vere med å støtte undervisningsmetodane og tiltenkte aktivitetar.

  • Interessant oppgave. Landås skole fra 1956 ser mer ut som et fort med celler. Jeg kan likevel ikke tenke meg at pedagogikken på innsiden fortsatt er av den sort pedagogikk som rådet på 1950-tallet. Du sier at de eldre skolene har gjennomgått endringer som middel til å imøtekomme dagens pedagogikk. Hvordan er dette gjort rent praktisk f.eks på Landås? Og er den like “lekende” som den ser ut til å være på Apeltun.

  • Lena S. Kirkebø

    Pedagogikken har nok endra seg mykje sidan Landås skule var ny. Dei endringane som er gjort dreiar seg om at nokon klasserom er utvida ved å slå saman to rom. På denne måten står dei friare i høve møblering og dei kan blandt anna lage mindre grupper med bord og dele inn rommet i ulike soner. Eit slikt klasserom gjer det mogleg å variere undervisningsmetodane og ein kan jobbe meir praktisk og prosjektretta. Når ein besøker Landås skule opplever ein interiøret som heilt annleis enn det opne landskapet på Apeltun skule. Apeltun er ein såkalla baseskule som er organisert med opne lokale som gjev mogleheit til å vareiere undervisninga frå små intime grupper til store klassar. Det er med andre ord stor skilnad på på den tradisjonelle klasseromstrukturen og dei skulane som er inreda utan særleg romdeling.

    Lena S. Kirkebø

    Lena S. Kirkebø