Når mors liv er null verd

 

For nokre år sia godkjende lova i Nicaragua kun abort om kvinnas liv var i fare. I dag er ikkje åtvaring om at mor vil døy av svangerskapet lengre grunn god nok for å fjerne eit foster – selv ikkje i dei tilfella bornet ikkje vil vere levedyktig etter fødsel. Lova er ei tung belastning for dei som jobbar som gynekologar, og potensielt ein dødsdom for gravide kvinner.

Medisinsk abort, som er abort i tilfelle der svangerskapet trugar kvinna sitt liv eller helse,blei kriminalisert i den nye straffelova i Nicaragua i 2006. Reforma av abortlova utgjer eit brudd på kvinners menneskerettar og vekte kraftige negative reaksjonar i Nicaragua og internasjonalt (sjå Amnesty). Myndigheitene gav lite eller ingen informasjon om tydinga av lovendringa ovanfor legar og medisinsk personell, og i kjølvatnet av reforma blei det avdekka fleire saker der legar hadde opptrådt uforsvarleg ovanfor pasientar med svangerskapsrelaterte helseproblem. Legane forklarte at dei kjende seg usikre på kva dei hadde rett til å gjere ovanfor slike pasientar, og det kom fram at det var motsetnader mellom det nye lovverket og retningslinene til helsedepartementet. Uvissa og frykta for å bli straffedømt gjorde at enkelte legar nølte med å gje lovleg og rett behandling til kvinner med akutte komplikasjonar. Meir om Nicaraguas abortlov.

Konsekvenser av den nye abortlova

I masteroppgåva mi skreiv eg om korleis denne lovendringa kan vere med på å illustrere i kva grad staten Nicaragua respekterer, fremjer og vernar kvinners menneskerettar. Eg såg også på kva som kan vere moglege og sannsynlege konsekvensar av lovendringa. Eg gjorde eit feltarbeid i Nicaragua i 2008, og snakka då med mange menneske som kvar på sin måte var involvert i denne saka. Mange av intervjuobjekta mine var menneskerettsaktivistar, nokre jobba med kvinnehelseforsking, andre igjen hadde jobba aktivt for å innføre kriminaliseringa av medisinsk abort. Det var også viktig for meg å høre om korleis lovendringa hadde påverka kvardagen til legar og gynekologar som jobbar direkte med gravide kvinner. Alle desse menneska gav meg verdfull informasjon som til saman hjalp meg å danne eit bilete av situasjonen eg skulle analysere. Nokre personar sit likevel ekstra sterkt igjen i minnet, på grunn av deira personlegdom, utstråling, og deira sterke og ærlege meiningar.

Gynekologen som ikkje får redde mors liv

I august 2008 snakka eg til dømes med Mariela, ei kvinne som jobbar som gynekolog på ein offentleg mødrehelsestasjon i ein mellomstor nicaraguansk landsby, vest i landet. På ein vanleg arbeidsdag tek Mariela seg av rundt 40 pasientar. Meg tok ho imot i lunsjpausen sin, inne på det lille blåmala kontoret der ho tek imot pasientar. På veggene hang det falma plakatar med informasjon om prevensjonsbruk, småbornsstell og amming, og ein illustrasjon av dei kvinnelege reproduktive organa. Utanfor fungerte den opne patioen og benkane langs veggane som venterom, og lyden av skrikande speborn og småprat frå dei mange kvinnene som venta på å sleppe inn til legen, trengte inn gjennom kontordøra. Stadig blei vi avbrutt av kollegaer som banka på for å spørre om legen var ledig. Ein travel jobbkvardag til trass, tok Mariela seg tid til å svare utfyllande på dei få spørsmåla mine. I dette blogginnlegget vil eg dele nokre av hennar tankar om reforma av abortlova i Nicaragua, og om korleis ho opplevde at den påverka hennar kvardag.

- Kva syns du om kriminaliseringa av medisinsk abort i Nicaragua?
Eg er ikkje einig i kriminaliseringa av medisinsk abort, verken som gynekolog eller som kvinne. Vi snakkar om eit medisinsk inngrep som er naudsynt for å redde liv. Dessutan er det nesten alltid slik at om ein set kvinna sitt liv i fare, vil også bornet kome til å miste livet. Med denne nye lova som forbyd medisinsk abort, er vi gynekologar komne i ein veldig vanskeleg situasjon. Eg trur lova vil føre til ei auke i skjulte abortar.

- Kva for andre konsekvensar kan lova ha?
Den legg ei tung kjenslemessig bør på pasienten. La oss seie at ei kvinne går med eit anensefalisk foster, altså at fosteret manglar hjerne, ei svært alvorleg misdanning som gjer at bornet ikkje vil kunne leve meir enn nokre timar etter fødselen. Vi ser at det er ei stor psykisk belastning for kvinna å vere nøydd til å utsette kroppen for denne graviditeten når ho veit at bornet vil døy før eller svært kort tid etter fødselen. Vi kan ikkje avbryte slike graviditetar, sjølv om fosteret ikkje er livskraftig og det utgjer stor fare for kvinna sitt liv, til dømes ved alvorleg nyresvikt, hypertensjon (høgt blodtrykk) eller hjartesjukdom.

Viss du ser deg rundt her på klinikken, ser du at det berre er kvinner som sit her, utan partnar. Mange kvinner i Nicaragua er aleine om graviditeten sin, mange er forlatt av partnaren. Ansvaret for borna fell nesten alltid på kvinna i samfunnet vårt. Og om desse kvinnene i tillegg ikkje ønskjer bornet, og utset seg for livsfare under graviditeten, utgjer det ei enda større belastning enn den samfunnet pålegg dei frå før.

I tillegg vil det berre føre til ei auke av dei offentlege utgiftene. Skjulte abortar blir utførte med manglande kompetanse og dårleg utstyr. Pasienten får ofte infeksjonar og følgjene kan vere fatale. Eg ser på dette som svært alvorleg. Vi legar får jobben med å behandle ein abort som burde ha vore utført i normale, optimale tilhøve, og i staden finn vi oss sjølve i ein situasjon der vi tek oss av komplikasjonar etter bakgårdsabortar.

- Korleis påverker lovendringa ditt daglege arbeid som gynekolog?
Det påverker meg mykje, ikkje minst personleg, som kvinne. Sjølv har eg hatt fire graviditetar, og tre har endt med abort. Det er så trist å gå gjennom ein abort, når bornet ser ut til å vere på god veg, og plutseleg oppstår det ein komplikasjon. Så eg kjenner at både som kvinne og i mitt arbeid som lege, går dette sterkt innpå meg. Eg veit at som lege, er det mi plikt å utføre slike inngrep.

Mi plikt som lege er jo å verne om livet til kvinna. I ein ideell situasjon er eg i stand til å verne både kvinna og bornet sitt liv – det er jo min fremste funksjon. Men om eg ikkje kan redde begge liva, må eg redde livet til kvinna. Ho er også ofte mor til fleire andre born.

Born under tre år har stor risiko for å døy det første året dei er etterlatne av mora, fordi det ofte ikkje er andre omsorgspersonar til stades. Eg må altså prioritere å redde livet til kvinna, men dette forbyd lova meg å gjere! Så dette er ei tung belastning for oss som jobbar som gynekologar. Det er vanskeleg, eg kjenner det som om hendene mine er bundne. Om vi blir dømt for å utføre ein abort kan vi få inntil tre års fengsel og misse retten til å praktisere.

Eg prøver å forklare dette til pasientane mine. Høyr, seier eg, dette bornet har det og det problemet, og vil mest sannsynleg ikkje kunne overleve. Graviditeten er ikkje bra for kroppen din, og tilstanden din blir verre. Men pasienten skjønar ikkje kvifor eg ikkje kan avbryte graviditeten. Referer meg til eit sjukehus så eg kan få fjerna det, seier ho. Eg må prøve å forklare at heller ikkje på sjukehuset har dei lov til å gjere ein abort, på grunn av ei ny lov som kan straffe legane for slike inngrep. Mange av pasientane her på klinikken har låg utdanning, dei har ikkje fått forståing for det nye lovverket. Nokre vil nok kalle dei ignorante, men spørsmålet deira er legitimt nok: Om det er legen sjølv som seier at bornet ikkje kan leve og gjer meg sjuk, kvifor kan ikkje då legen avbryte graviditeten så eg blir frisk att?

Nokre pasientar resignerer og aksepterer meldinga dei får frå legen. Men mange, spesielt dei kvinnene som har eit visst utdanningsnivå, har vanskeleg for å akseptere situasjonen. Dei spør om dei ikkje kan ta aborten ein annan plass: Kunne du ikkje sendt meg til nokon? Eg vil ikkje at nokon inkompetente skal gjere det, seier dei, og spør kor mykje det vil koste og kven dei kan vende seg til. Dei spør om eg vil gjere det, og tilbyd seg å betale svart. Det er vondt, fordi eg veit at det rette ville vere å gje dei den behandlinga dei treng. Men eg kan jo ikkje referere dei til nokon som har erfaring, for det er ingen av oss som vågar å gjere inngrepet. Eg kjenner ingen som gjer det, fordi legane er redde for å bli tatt, det ville vere som å kaste spesialiseringa ut vindauget. Alle dei åra med studiar ville vere for ingenting, om du blir fråteken retten til å praktisere.

Det er nokså paradoksalt. Medisinen påbyd meg å gjere noko som lova forbyd meg å gjere, så jo, det er ein vanskeleg situasjon.

Eg skal seie deg at også før, når medisinsk abort var lovleg i Nicaragua, blei det tillatt berre i sjeldne tilfelle. Her i landet har religionen og den katolske kyrkja mykje makt. Å ta eit liv er ei synd, og som katolikk er eg også einig i det. Vi pliktar å ta vare på livet, og eg vil ikkje ta eit liv i tilfelle der alt helsemessig står bra til med mor og born. Men her snakkar vi om noko heilt anna. 95 prosent av dei organiserte gynekologane og fødselslegane i Nicaragua meiner at medisinsk abort er naudsynt. Vi har uttalt oss mot kriminaliseringa, protestert og kome med konkrete forslag til endring av lovteksten. Men vi blei verken hørt eller inkludert i reformprosessen. Avgjerda om å kriminalisere medisinsk abort blei gjort utelukkande av politiske grunnar.

- Blir det utført medisinske abortar i privatklinikkar no etter lovendringa?
Ja, absolutt. Til dømes ved svangerskap utanfor livmora, ein tilstand der fosteret ikkje har sjanse for å overleve, og det er viktig å operere før kvinna får skade på indre organ. Eg kjenner saker der legen og radiologen har gjort ein avtale om å føre opp i journalen at kvinna allereie har ei blødning, for å kunne operere straks utan å måtte vente på at kvinna si tilstand skal bli verre før dei kan gjere noko. Dette skjer også på offentlege sjukehus, dei forfalskar registra, slik at dei har det formelle i orden, for å kunne gå inn og redde livet til kvinna utan å sette seg sjølve i fare.

Nokre legar som er mot medisinsk abort, seier at vi no har alle naudsynte vitskaplege metodar for diagnostikk og behandling, slik at det ikkje lenger finst behov for tilgang på medisinsk abort. Dei seier at vi no er komne så langt at kvinner ikkje lenger treng å døy på grunn av svangerskap. Det er feil. Dei skal ikkje prøve å fortelle meg at eit born ved Guds vilje aleine vil vekse til full termin i ein eggleder, det er umogleg. Dei skal ikkje fortelle meg at vi i Nicaragua har alle forutsetningar for å redde ein pasient i ein livstrugande situasjon, når mange intensivavdelingar ikkje ein gong har vifteanlegg.

- No som medisinsk abort er forbudt, kva for alternativ har kvinner med problematiske og helsefarlege svangerskap?
Eg ser tre alternativ. Anten velje ein skjult abort hos ei sjukesøster eller andre som ikkje har nok kunnskap, noko som ofte får tragiske utfall, eller oppsøke ein privat klinikk der ein må betale svært dyrt. Ikkje alle kvinner kan betale slike summar. Den delen av befolkninga som har ressursar, har også alternativ, dei har moglegheiter til å kome seg ut av ein vanskeleg situasjon. Slik er det ikkje for dei som manglar ressursar. Det siste alternativet er å akseptere situasjonen som han er, med konsekvensane det vil ha: vente til tilstanden er forverra nok til å oppsøke sjukehus og få akutt behandling. Sette livet på spel. Desse tre er alternativa, og for dei fleste er vel alle like vanskelege.

Det er ikkje rettferdig, det er ingen som forsvarar rettane til kvinna no. Hennar rett til liv har blitt bytta ut med retten til eit born som ikkje er livskraftig.

Om kunnskapen om dette kunne bli spreidd til fleire, slik at sanninga kom fram, hadde det vore fint. Ikkje fleire løgner, men berre å kunne få sagt det som det er. Eg trur ikkje vi kjem til å klare å endre ting under denne regjeringa. Denne saka går sterkt innpå meg, den rører meg som kvinne, som mor, som lege, som kone, som søster og venninne. Det er ikkje rett, og eg meiner at det som er urett, må vi endre på.

 

Intervjuet er korta ned frå eit lengre originalintervju og omsett av Rakel Helgheim. Ho tar alt ansvar for eventuelle feiltolkingar av intervjuobjektet sine utsegn. Mariela er ikkje hennar verkelege namn.

  • anne

    Takk for dette innlegget.

    Veldig interessant å se dette fra en gynekologs perspektiv. Det må være ødeleggende å være helsearbeider under disse omstendighetene. Bra du valgte å publisere et intervju med en som sitter midt i det og kjenner konsekvenser på kroppen og ikke minst kan beskrive hvordan dette går på tvers av hennes faglige integritet.

    Jeg var 6 måneder i Nicaragua i 96. Vi snakket med mange kvinnegrupper og helsearbeidere. Mange idealistiske og fullstendig dedikerte mennesker. Mange veldig opptatt av menneskerettigheter.

    Klarer kvinnnene i Nicaragua å mobilisere for å styrke kvinners rettigheter? Jeg fikk ett inntrykk av at det fantes mange og sterke kvinnenettverk, til tross for at machosamfunnet representerer konsentrert makt, mener jeg på grassrotnivå, det fantes tro på egen gjennomslagskraft. Tar jeg feil? Er noe endret?

  • Rakel

    Hei! Takk for kommentaren din!

    Nicaragua er kjent for å ha ei av Latin-Amerikas mest dynamiske og sterkaste kvinnerørsler, som vakste fram under og spesielt etter Sandinistane sin første regjeringsperiode, som tok slutt i 1990. Mitt inntrykk var det same som ditt, i Nicaragua møtte eg veldig mange dedikerte og bevisste menneske som mobiliserer for menneskerettar. Det finst ei sterk vilje og idealisme på grasrotnivå, og ikkje minst stor kunnskap og kompetanse. Det har vore nokre problem med at dei ulike gruppene i kvinnerørsla har vore ueinige om arbeidsmetodar og slikt, noko som har ført til nokre konflikter, men stort sett er dei einige om dei store sakene og måla for arbeidet.

    Men parallelt med den feministiske rørsla har det også vokst fram ei sterk motrørsle, med organisasjonar som kjempar for såkalla tradisjonelle familieverdiar, mot abort og andre kvinnerettar. Spesielt dei siste ti åra har slike grupper fått stor påverknad i statlege institusjonar, på trass av at dei størrelsesmessig er mindre enn talet på grupper som identifiserer seg med kvinnerettsrørsla. Viss du er interessert i å lese meir om dette, kan eg anbefale å lese det som Karen Kampwirth skriv om feminisme og antifeminisme i Nicaragua, t.d. i Kampwirth (2008) Neither Left nor Right: Sandinismo in the Anti-Feminist Era. Nacla Report of the Americas.

    Etter at sandinistpartiet kom til makta igjen i 2006, er det fleire ikkje-statlege organisasjonar som klagar over trange og vanskelege arbeidstilhøve. Dette gjeld spesielt dei gruppene som jobbar for kvinner og jenteborn sine menneskerettar. Det var m.a. ei sak i november 2007 der ni kvinnelege menneskerettsaktivistar blei rettsforfulgt av noko uklare grunnar, der delar av pressen og kvinnene sjølv hevda at det var ein skremselstaktikk frå myndigheitene si side, for å åtvare mot å drive aktivisme for kvinners rett til seksuell og reproduktiv helse. Saka kan du lese om m.a. her: http://www.envio.org.ni/articulo/3700

    Ifølgje mine kjelder opplevast det framleis vanskeleg å mobilisere for kvinners menneskerettar, men saka mot dei ni kvinnene er i det minste trukke tilbake. Det blir veldig spanande å følgje med framover på den politiske utviklinga i landet, eg trur nok at det er så godt grunnlag for organisasjonsarbeid i kvinnerørsla i landet at dei framleis vil halde på trua på eigen gjennomslagskraft, på trass av vanskelege arbeidstilhøve. Det må vi i alle fall håpe!

    • anne

      Tusen takk for synspunkter og observasjoner! Godt å vite at det fantastiske engasjementet som jeg så i 96 ikke er pulverisert, i alle fall. Og godt at kunnskapsnivået og kompetansen fortsatt er høy.

      Interessant sak du henviser til. Skal lese mer om den og referansene du oppgir. – takk igjen.