Egypts frie kvinner

Masteroppgåva mi som vart levert våren 2009 ved Universitetet i Bergen tok utgangspunkt i kvinner og deira rolle i det gamle Egypt (ca.3000-30 fvt.). Studiet vart gjennomført gjennom komparasjon av kjelder frå to tidsperiodar – Mellomriket (2055-1650 fvt.) og Det nye riket (1550-1069 fvt.). Dei to periodane vert rekna som to av det gamle Egypt sine tre glansperiodar. Dette var periodar med framgang og velstand, der riket var sentralisert under ein sterk statsadministrasjon, leia av farao.

Deir el-Medina Foto: Reinert Skumsnes

Kjeldene eg nytta meg av var ikkje-litterære ostraka og papyrus, meir presist brev og rettsdokument, og stamma i all hovudsak frå landsbyane Lahun og Deir el-Medina. Eit slikt studium er derimot ikkje uproblematisk. Dette ikkje berre fordi det er få kjelder frå Mellomriket, men også at langt dei fleste stammar frå eliten i samfunnet. Når det gjeld menneska som levde i Deir el-Medina er det vert å merke seg at dei, trass si nære kopling til eliten, først og fremst var eit arbeidarsamfunn. Kor vidt arbeidarklassen er representativ for folk flest, som var bønder og levde på jorda dei dyrka, er uvisst. For at denne type studie skal vera representativ må ein anta at dei ulike samfunnsgruppene spegla kvarandre.

De store kulturelle og sosiale endringane fann stad i løpet av første del av Det nye riket. Lausrivinga frå hyksos, eit folkeslag som stamma frå Syria og dei tyrkiske høgslettene, tok opp mot tjue år. Dessutan var dei fleste faraoane av Det nye riket på hyppige felttog samstundes som dei hadde store byggjeprosjekt i sving. Ut frå mine utrekningar vart talet på innrullerte menn firedobla frå Mellomriket til Det nye riket. Eit faktum som dannar bakgrunn for å hevde at kvinner måtte gå inn i roller som tidlegare hadde vore typiske mannsroller.

I tråd med ein slik teori ser ein at kvinner får ei viktig religiøs rolle. Store festivalar opna for religiøs aktivitet på tvers av dei sosiale skilja. Dessutan vaks det fram ei rolle, smAyt, som kvinner nærast hadde monopol på. Konkret kva denne rolla gjekk ut på er ein ikkje samde om, men er kanskje heller ikkje så viktig i denne samanheng. Poenget er vel snarare, som Deborah Sweeney poengterer, at virke i tempelet førte kvinner inn i ein offentleg aktivitet som i seg sjølv kan ha skapt rom for nettverksbygging, eiga inntekt, og utveksling av nye idear og trendar.

Hatshepsuts tempel Deir el-Bahri. Endestopp for den store Opet festivalen. Foto: Reinert Skumsnes

Med utgangspunkt i nye trendar og idear er det ikkje utenkeleg at hyppigheita av kongelege kvinner med reell makt under dynasti 18 kan ha skapt rom for ei endra holdning til kvinner generelt, og dessutan aukande aksept for kvinner som sjølvstendige individ.

Frå min komparasjon er det tydeleg at kvinner si rolle i det egyptiske samfunnet var variert og kompleks. Nokre kjelder skapar eit inntrykk av kvinner var statistar i samfunnet samanlikna med handlingssterke menn. Andre kjelder opnar for eit segregert samfunn der blant anna mor og kone ser ut til å ha hatt ei viktig rolle samanlikna med andre kvinner. Slik eg ser det, har familiefar si mor vore ekstra viktig under Mellomriket, medan familiefar si kone i større grad overtok denne posisjonen under Det nye riket. Denne utviklinga må ein sjå i tråd med ein overgang frå utvida familiehushald til små kjernefamiliar. Her må ein sjølvsagt ta høgde for at det i all hovudsak er Deir el-Medina som skapar dette inntrykket, og at det ikkje er umogleg at Deir el-Medina representerer anormale forhold snarare enn slik folk flest hadde det.

Kjeldene frå Mellomriket seier lite om kvinner sin rettstryggleik. Det er umogleg for meg å ta stilling til om dette skuldast at kvinner ikkje nytta seg av rettssystemet, eller om det berre er kjeldene som er mangelfulle. For Det nye riket er kjeldene fleire og meir nyanserte. Av desse går det fram at kvinner kunne nytte seg av rettssystemet på lik line med menn, og at det var sosialt tilhøyre snarare enn kjønn som var avgjerande for utfallet av ei høyring.

Angåande arv og disponering av eigedom ser ein at kvinner sine rettar vart meir definert i dette tidsrommet. Kvinner kunne både arve og disponere eigedomar under Mellomriket, men det var ingen skriven regel som tvang mannen til å la felles eigedom kome kvinna til gode. Slik eg ser det, vart kvinner sin rett til eigedom fyrst erkjent under Det nye riket og det vart sannsynlegvis vanleg under denne perioden, som ein konsekvens av forholda kvinner hadde levd under tidlegare, å skrive ekteskapskontraktar som sikra stoda til kone og barn ved eventuelt dødsfall eller skilsmisse.

Forandringa i høve til arv og eigedom kan kanskje ha vore del av ei større fokusering på kvinner sine rettar, og såleis er det rom for å tru at generell rettstryggleik for kvinner kan ha vore i endring. Opprettinga av orakelkulten, som ein alternativ rettsinstans for dei svake i samfunnet, er nok ein indikasjon på denne fokusendringa.

Det går dessutan fram av denne kjeldesamlinga at det skjer ei endring i konkrete titlar nytta av og på kvinner. Tittelen nbt pr (husets frue) var mest vanleg under Mellomriket, medan anH nt nwit (fri kvinne) vart svært vanleg under Det nye riket. Ein kan av desse to titlane moglegvis skimte ei fokusendring frå det å vera husets frue til å vera ei fri (sjølvstendig) kvinne. Altså kan det ha skjedd ei fokusendring vekk frå heimen mot det offentlege rom. I den samanheng kan ein undre seg over om det i dette tidsrommet vart viktigare for kvinner, nettopp med utgangspunkt i den nye tittelen AnH nt nwit, å proklamere eige sjølvstende enn tidlegare.

Veggmaleri fra gravkammer. Kvinnene fremstår som passive.

Veggmaleri fra gravkammer. Kvinnene fremstår som passive. Foto: Reinert Skumsnes

Veggmaleri fra gravkammer. Kvinnene fremstår som aktive.

Veggmaleri fra gravkammer. Kvinnene fremstår som aktive. Foto: Reinert Skumsnes.

Døme på sjølvstendige kvinner er det frå båe periodar, men som for dei andre momenta er kjeldene fleire og meir nyanserte for Det nye riket. Blant anna er ein viktig kjeldetype, som berre eksisterer frå Det nye riket, handelsavtalar der kvinner inngår som sjølvstendige partar i byte av varer og tenester. Av dette meinar eg det er rom for å hevde at kvinner i aukande grad kunne ha sjølvstendige roller under Det nye riket enn i perioden før.

Ser ein alle kjelder under eit er det tydeleg for meg at grad av sjølvstende var avhengig av fleire faktorar, deriblant personen sitt sosiale tilhøyre, ressursgrunnlag, den konkrete aktiviteten, kontaktnettverk og ambisjonar. Dessutan vil eg påstå at ein i større grad bør snakke om tendensar og kutyme i samfunnet, heller enn ei konsekvent utestenging av kvinner fra visse samfunns- og arbeidsområder. Slik eg ser det, var individuelle forhold avgjerande for kor stort sjølvstende ei kvinne kunne oppnå. Såleis må ein innsjå at ein ikkje kan snakke om kvinner som ei einsarta gruppe, men snarare dele kvinner opp i mange undergrupper kor ein tek høgde for individuelle forhold, sosiale variablar i tid og stad og ressursgrunnlaget til kvar einskild kvinne.