Tøffe gutar og søte jenter?

Foto: Universitetets Oldsakssamling

For oss som lever i dag er det naturleg å tenkje at foreldra er dei beste og nærmaste til å oppdra sine eigne barn, at borna har det best hos sine kjødelege foreldre, og at foreldra skal elske barna sine. Vi har laga reglar og normer for korleis barndom skal vere, vi går ut i frå at vår oppfatning om barndom er heva over tid og stad, og at våre normer er dei beste for alle menneske til alle tider og i alle kulturar. Det er dette sosiologen Ellen Schrumpf kaller “universalisering” av barndom. Oppfatningane våre er prega av “blinde punkt” som vi ikkje reflekterer over fordi vi tar dei for gitt. Men vi treng berre å gå nokre få tiår bakover i vår eigen kultur for å sjå at oppfatningar om oppvekst og barndom har endra seg, slik også forholdet mellom foreldre og barn har gjort det.

Med masteroppgåva mi ynskte eg å finne ut korleis forholdet var mellom foreldre og barn i Norden i vikingtid og middelalder. Var det ein like sjølvsagt tanke for foreldre på 800-tallet at dei skulle elske barna sine som det er for oss i dag? Vart gutar og jenter likt verdsett, eller vart det gjort kjønnsmessige forskjellar i høve til far, mor, son og dotter? Den kristne kulturen vart innført i Norden omkring 1000-talet, vikingkulturen vart påvirka av kristen etikk. Men det var ikkje berre kristen påverknad som kom til Norden i høgmiddelalderen. Frå kontinentet fekk norske aristokratar kontakt med den høviske kulturen. Kan vi i dei historiske kjeldene finne teikn på at det norrøne familielivet endra seg som ei fylgje av kontakten med dei nye kulturane? I oppgåva har eg prøvd to hypoteser. Den første går ut på at det i vikingtida eksisterte haldningar til barn som endra seg over tid som ei fylgje av sosiale og kulturelle endringar i samfunnsforholda. Den andre hypotesen eg har prøvd seier at det på 1200-talets Island eksisterte forskjellige haldningar til barn på same tid, men innanfor forskjellige skikt av samfunnet.

Nokre få forskarar har skrive om temaet barn og foreldre med grunnlag i det norrøne sagamaterialet. Som sekundærlitteratur har eg mellom anna nytta Preben Meulengracht Sørensens bøker og essays og Else Mundals artiklar om barndom i middelalderen.

Det norrøne sagamaterialet består av om lag 50 verk, dei fleste forfatta av ukjente forfattarar. Til oppgåva har eg nytta soger frå Islendingesogene, Sturlunga saga og Biskopssogene. Islendingesogene fortel om familiar som utvandra frå Noreg til Island frå ca. år 870 og fram til om lag 1050. Det er verdt å merke seg at sogene vart nedskrivne etter muntlege soger nokre hundreår etter at dei aktuelle hendingane skulle ha funne stad. Dette gjer at dei er omstridde som kjeldemateriale. Eg har valt å sjå på Islendingesogene som levningar til 1200-talet, og tar høgde for at hendingar og personar er skildra slik dei vart oppfatta av folk som levde i høgmiddelalderen. Sturlunga saga og Biskopssogene er forfatta i samtida og byr ikkje på noko problem når det gjeld kjeldeverdi. Sturlunga saga er ein kompilasjon soger som fortel om høvdingar som kjempa om makta på Island i den siste urolege perioden av fristatstida, frå omlag 1220 og fram til Island vart ein del av Noreg i 1262/64. Biskopssogene er laga etter mønster av latinske hagiografiar og inneheld historiene til dei fyrste islandske biskopane og helgenane som levde frå ca. 1050-1300. Særleg interessant er jarteikna (mirakelsamlinga) til helgenane, som ofte handlar om å gi lækjedom og hjelp til barn i sjukdom og naud. Her kan vi finne interessante opplysningane om barn frå enkle kår som ellers ikkje forekjem i sagaene.

Gutar og jenter i vikingtida

I islendingesogene er kampen om ære eit hovudtema. Det islandske fristatssamfunnet hadde ein egalitær samfunnsstruktur, der makta var fordelt på mange bønder. Folk bodde på gardar som utgjorde store hushalningar der storfamilie, slektningar, arbeidsfolk og andre var samla. Eit gardsbruk kunne ha frå 20-30 til 40-50 menneske. Barna hadde difor mange personar  å forholde seg til. Kvinnene styrte i heimen – “innanstokks” – og hadde hand om dei minste barna medan mennene var ute på ferd eller utførte gardsarbeid. Barna fekk den opplæringa dei skulle ha i heimen, og vart rekna som vaksne i 12-årsalderen. Det vart rekna som ein god eigenskap å vere tidleg moden. Medan jentene lærte husarbeid var gutane med far og dei andre mennene ut i verda – “utanstokks”. Dei fekk lære seg mannens oppgåver, som ikkje minst innebar bruk av øks og sverd. Vikingane hadde ein æreskultur og det var viktig å kunne forsvare seg mot fiendar. Viktig var det óg å bygge allianser med andre menn som ville stille forsvar når det oppsto feider.

Det for oss mest framande trekket ved barndom i vikingtida var skikken med fostring. Den innebar at barnet vaks opp hos ein annan familie som hadde ansvaret for barnet til guten eller jenta var vaksen. Fostring var regulert med lov, der dei impliserte familiane forplikta seg til å stille opp for kvarandre i feider og forsvar i rettssaker. Fosterforeldra til eit høvdingebarn hadde ofte lavare status enn det kjødelege opphav, og mottok gåver og varer for oppdraget. Men det hendte óg at familiar med lik status fostra barna for einannan. Gutar vert oftast nevnt som fostringar, og hadde nok større status enn jentene. Det kunne vere fleire grunnar til at dei hadde denne skikken.  For barnet kunne det vere ein fordel å ha to foreldrepar å forholde seg til i ei tid då folk ofte fall frå i ung alder. Men den viktigste årsaka til fostring var alliansen som vart skapt mellom to familiar. Band vart skapt mellom begge foreldrepara som var sameinte i omsorga for barnet, mellom syskena på begge sider og når fosterbarnet kom i vaksen alder gjaldt nettverket også for hans barn.

Kan vi så seie at vikingforeldra var glade i barna sine? I kjeldematerialet frå vikingtida møter vi fedre og mødre som hadde stor kjærleik for barna sine, eit døme på det er Egill Skallagrimsson som skriv diktet “Sonatorrek” for dei døde sønene sine. Men same mannen har óg ein son som han ikkje likar. Andre soger fortel om både likesæle og hatefulle foreldre. Vi kan ikkje snakke om at det eksisterte ein norm for kjærleik mellom barn og vaksen i vikingtida. Skikken med fostring kan tyde på at dei hadde eit praktisk forhold til barna sine, dei vart så og seie rekna som ein del av buet, og representerte ein verdi på linje med dyr, hus og åkrar.

Korleis var det så med kjønnsforskjellane i vikingtida? Generellt finst det fleire soger om gutar enn om jenter, men jentene er meir til stades i vikingtida enn seinare i middelalderen. Jentene vart også oftare nytta som fosterbarn i vikingtida enn seinare, men ikkje så ofte som gutar. Eg tolkar det slik at gutane hadde ei sterkare stilling enn jentene, både i vikingtid og middelalder. Vi kan seie det med Simone de Beauvoir, at guten var “den eine” medan jenta var “den andre”. Men jentene hadde ei litt sterkare stilling i vikingtida enn dei fekk i høgmiddelalderen.

Gutar og jenter i høgmiddelalderen

På 1200-talet var kristendommen godt etablert i Skandinavia. Folk heldt fram med å bo i storhushaldningar og særleg hos småbønder og fattigfolk heldt nok kvardagen fram som den hadde gjort i hundrevis av år. Dette var ei uroleg tid med mykje strid, men den foregjekk no på eit høgre plan, mellom stormennene. Det var ikkje lenger strid og feider mellom familiane, som i vikingtida.

Foto: Kulturhistorisk museum

Eg har funne moment som støttar begge hypotesene mine: haldningane til barn endra seg på grunn av dei samfunnsmessige og kulturelle endringane då vikingtida gjekk mot slutten. Og det eksisterte to forskjellige kulturar i høgmellomalderen som begge kjem inn frå Kontinentet, den aristokratiske “ridderkulturen” og den kristne kulturen. Dei to retningane representerte forskjellige syn på barn. I den kristne litteraturen er omsorg for barn eit hovudtema. Foreldrekjærleiken vert i den kristne etikken framstilt som betingelseslaus: barna har ein rett på å verte elska fordi dei er til, og alle barn var like for Gud. Vi kan her snakke om at det eksisterer ein norm for kjærleik. I den verdslege, høviske kulturen er ikkje omsorg for barn eit tema. Der vi møter uttrykk for foreldrekjærleik er den betinga: far og mor elska barnet sitt, men berre dersom sonen eller dottera var flink, oppførte seg høveleg og fekk eit godt gifte som gagna familien.

Fostringsskikkane møter vi óg i høgmiddelalderen. I den verdslege kulturen vert fostring framleis nytta som allianseskapande middel. Gutane vert oftast nevnt som fosterbarn, enten fordi dei generellt hadde større verdi, eller kanskje vart dei rekna for å vere meir stabile og ikkje så lette å påvirke. Eit døme er Snorri Sturluson, diktaren og høvdingen som skreiv dei norske kongssogene. Han var sonen til den mektige Hvamm-Sturla, og vart fostra av Jon Loptson som del av eit forlik i stridigheitene mellom Sturla og Pål prest.

Den kristne kulturen nyttar óg fostring, men får ein ny funksjon, som opplæring i kristen kultur og som førebuing til presteyrket. I denne samanheng er det berre gutar som er nevnt, og fosterfaren er ein prest eller lærd stormann. Dei fekk lære å lese og å skrive, mange vart prestar og munkar. Ofte er det mor som sørger for at sonen får fostringsplass, slik tilfellet var for Thorlákr Thòrhallson.

For jentene gjeld det same som før: dei held seg innanstokks og egner seg til huslege sysler. Som i gamle dagar er målet å finne seg ein mann, helst av så god avstamming som mogleg. Nokre ting er likevel endra: kristen etikk krev at barn skal vere døypt. Og kjærleik skal vere einaste grunnlag for giftemål, av den grunn måtte både brud og brudgom gi sitt samtykke til giftemålet. Dermed fekk jenta høve til å bestemme kven ho skulle gifte seg med. Det var ikkje lenger så lett å nytte ekteskapet allianseskapar.

Så korleis var det då, kan vi seie at gutane var tøffe og jentene søte i middelaldern? At vikinggutane var tøffe er eg ikkje i tvil om. Dei måtte tidleg lære seg å arbeide og å slåss. Søte og vakre jenter vart nok verdsett då som no, men helst skulle dei óg vere flinke og sterke. Vikingane trudde at barn arva eigenskapane til foreldra sine, difor vart ei tøff og sterk jente sett som garanti for at sønene óg vart tøffe! Jentene nytta aldri våpen, men dei var ei viktig støtte for mennene sine og dessutan den som hadde ansvar for garden når mennene var ute på reiser.

Gutar i den høviske kulturen skulle óg vere tøffe krigarar, men samstundes måtte dei lære seg høvisk framferd om dei skulle ha ein sjanse hos dei aristokratiske jentene. Og dei skulle for visst vere søte, dei egna seg helst til sysler som lesing, sang og musikk. Frå denne tida stammar uttrykk som “høveleg” (høfleg) – frå ordet “hof” (gard) og “hoff”, og “ridderleg” – etter riddarane.

Den kristne kulturen tok eigentleg avstand frå vald, den hevda omsorg og nestekjærleik som eit ideal. Den førte med seg lesekunsten og etter kvart skular og universitet. Middelalderkulturane har danna grunnlaget for tankar og verdiar som vi framleis har om barndom. Den kristne etikken har overlevd, sjølv om den óg har endra uttrykk og former opp gjennom hundreåra. Dei opphavelege tankane om at barn skal ha omsorg, betingelseslaus kjærleik og utdanning har vi i vår tid nedfelt i reglar og lover, og staten tar over ansvaret for barna der foreldra ikkje kan eller vil. Likevel har det til alle tider – då som no – vore barn som ikkje får oppleve ein god og trygg oppvekst. I dag held vi foreldra for å vere dei nærmaste til å sørge for at barna har det dei treng, både av kjærleik og omsorg. Det ser ikkje ut til at forfedrene våre såg det slik, og kanskje hadde dei eit meir pragmatisk forhold til barna sine enn vi. Likevel har eg ikkje funne nokon teikn til strenge og rigide avstraffingsmetodar, og alt i alt trur eg at foreldra i middelalderen oftast var glade i barna sine.

  • Pingback: Djevler eller engler? « anneaaby()

  • Stine

    Setter vi ikke på en måte barna vår vekk på fostring i vår tid også? Uten å ta stilling til om det er bra eller dårlig; vi overlater mye omsorg og oppdragelse til staten.

  • Margaret Emdal

    Er enig i at mykje av omsorga blir overlate til andre i vår tid, med barnehage heilt frå 1-årsalderen. Men i hovudsak bor jo barna heime saman med foreldra, som også har hovudansvaret. Motivet for at barna er borte om dagen i vår tid er også svært forskjellig frå vikingtida.